Sommarles engasjerte over 34 000 barn i Akershus, Buskerud og Østfold
I sommar vart det lese, høyrt og opplevd over 2,2 millionar bøker blant barn i 1.–7. klasse i Noreg gjennom lesekampanjen Sommarles, nærare ein halv million av dei i våre fylker. Sjølv om oppslutninga har gått noko ned i år, er engasjementet framleis stort, barna er ivrige lesarar, og bibliotektilsette fortel om foreldre som gler seg over at barna les.











