
Kurset Digital kildebevissthet i biblioteket: Et grunnkurs vart tidlegare i år lansert i Kompetansebanken. Kurset skal gje bibliotektilsette konkrete verkty for å styrkje publikum si evne til å orientere seg i eit stadig meir samansett digitalt informasjonslandskap. Kurset er utvikla av Tenk (ein del av Faktisk.no) i samarbeid med fylkesbiblioteka i Rogaland, Innlandet, Møre og Romsdal, Trøndelag, Telemark og Vestland, samt Sandnes bibliotek. Det består av fem modular: dagens informasjonslandskap, kritisk lesing, generativ kunstig intelligens, påverknad og propaganda, samt visuell informasjon og søk.
Vi tek gjerne imot fleire påmeldingar til kurset, ver gjerne med og inviter ein kollega eller to, og del det gode bodskapet:
Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold inviterte tilsette i folkebibliotek og skulebibliotek til to fysiske oppstartskurs, eitt i Drammen og eitt i Oslo, i tillegg til tre digitale samlingar. Kurset kunne òg takast som sjølvstudium. Per 11. desember 2025 har 310 tilsette i dei tre fylka meldt seg på.
Kursdeltakarane har òg hatt ei ekstra gulrot: Bibliotek der minst 40 prosent av dei tilsette gjennomfører kurset, får tilgang til ein eigen publikumskampanje, Vi er kildeveiledere, laga av Skarp reklamebyrå. Kampanjen gjer det mogleg å synleggjere biblioteket si nyerverva kompetanse på digital kjeldebevisstheit og marknadsføre tilbodet breitt og profesjonelt ut mot publikum.

Lillestrømbiblioteka styrkjer kunnskapsformidlinga
Tora Elise Brunvatne, kunnskapsbibliotekar ved Lillestrømbiblioteka, skildrar kurset i digital kjeldebevisstheit som eit kurs som verkeleg skil seg ut. Då ho først meldte seg på, hadde ho venta noko liknande mange andre e-læringskurs, der ein klikkar seg raskt gjennom modulene og så er ferdig. Men dette kurset var noko heilt anna.
Ho fortel at dei fem modulene var grundig gjennomarbeidde og engasjerande, med gode døme, refleksjonsoppgåver, quiz og profesjonelle videoar. Gjennom kurset fekk ho ei heilskapleg oversikt over aktuelle tema som pregar dagens informasjonslandskap.
Hennar favoritt var modul 3 om generativ kunstig intelligens, eit tema som ofte kan kjennast overveldande og der det kan vere vanskeleg å vite kvar ein skal starte. Kurset gjorde temaet både forståeleg og relevant, noko som gjorde det særskilt verdifullt for henne.

Læring i fellesskap: frå kurs til kollegialt samarbeid
Etter å ha fullført kurset, tenkte Tora at dette måtte fleire få med seg. Difor inviterte ho alle tilsette ved Lillestrøm bibliotek til å ta kurset saman i grupper. Til no har 35 tilsette, fordelt på fem grupper, i gong med kurset. Ho påpeiker at ein lærer betre når ein deler erfaringar, diskuterer og reflekterer i fellesskap. Samlingane vart både lærerike og hyggelege, og dei fekk innsikt i kvarandre si mediekvardag samtidig som dei løyste oppgåver saman.
Ein av dei tilsette gav tilbakemelding:
Eg har nyleg delteke på kurset i kjeldebevisstheit, som både var nyttig og ei skikkeleg augeopnar. Det gav nye perspektiv på korleis vi vurderer og brukar kjelder. Det var ekstra verdifullt å ta kurset saman med fleire kollegaer fordi vi fekk gode diskusjonar og mange idéar som eg ikkje ville kome på aleine.»
Gjennomføringa og organiseringa av kurset i grupper vart mogleg fordi leiinga såg på dette som ei viktig satsing, fortel Tora. Ho understrekar at biblioteket har ei stadig viktigare rolle som kunnskapsaktør og som motkraft mot desinformasjon, ei oppgåve som både er stor og krevjande. Bibliotekarar har tradisjonelt vore sterke på kultur- og litteraturformidling, men no må vi òg styrkje kunnskapsformidlinga. For å lukkast med dette må vi starte med oss sjølve – det handlar om å byggje tryggleik og kompetanse, slik at alle tilsette føler seg sikre i rolla som vegleiarar i det digitale informasjonslandskapet.
Kurset i digital kjeldebevisstheit er eit viktig steg på vegen mot å bli gode kunnskapsformidlarar og for å etablere biblioteket som ein sentral aktør i arbeidet med kjeldekritikk og informasjonskompetanse, seier Tora. Ho trekkjer gjerne fram Lillestrøm bibliotek si satsing som eit døme. Her har ein valt å tilsetje ein kunnskapsbibliotekar med ansvar for kjeldebevisstheit, forskingsformidling og opne ressursar. Dette er eitt av fleire tiltak som skal bidra til å styrkje arbeidet med informasjonskompetanse og gjere biblioteket betre rusta til å møte brukarane sine behov.
Kjeldebevisstheitskampanje: Frå kunnskap til handling
I januar startar vi ei kjeldebevisstheitskampanje i biblioteket for å sikre at det vi har lært òg kjem brukarane til gode, fortel Tora. Målet er å gjere fleire medvite om kor viktig kjeldebevisstheit er i dagens informasjonslandskap. Vi tek utgangspunkt i materiale frå kurset, men gir det samstundes vår eigen vri.
Ho forklarar at kampanjen vil vere synleg både fysisk i biblioteket, på sosiale medium og internt blant tilsette. Biblioteket satsar på plakatar, ein kjeldebevisstheitsvegg med tips og refleksjonar, utstillingar, kjeldebevisstheits-bingo for tilsette, ein aktiv SoMe-kampanje, flyers og arrangement. – Håpet er at kampanjen skaper nysgjerrigheit, inspirerer til samtalar og gjev brukarane konkrete verkty for å vurdere informasjon kritisk. Vi ønskjer at fleire skal ta med seg nye vanar og føle seg tryggare i møte med eit komplekst informasjonslandskap, samtidig som biblioteket blir sett som ein tydeleg kunnskapsaktør og motkraft mot desinformasjon, seier ho.

