Sommarles engasjerte over 34 000 barn i Akershus, Buskerud og Østfold

I sommar vart det lese, høyrt og opplevd over 2,2 millionar bøker blant barn i 1.–7. klasse i Noreg gjennom lesekampanjen Sommarles, nærare ein halv million av dei i Akershus, Buskerud og Østfold. Sjølv om oppslutninga har gått noko ned i år, er engasjementet framleis stort, barna er ivrige lesarar, og bibliotektilsette fortel om foreldre som gler seg over at barna les.

Nedgang i oppslutninga

Årets Sommarles-kampanje har hatt 34 244 deltakarar i dei tre fylka våre, noko som gir ei samla oppslutning på 27,6 prosent. Dette er ein nedgang frå 30,7 prosent i fjor.

Fylkesvise tal viser:

  • Akershus: 27,1 prosent oppslutning (ned 3,2 prosenpoeng frå i fjor)
  • Buskerud: 27,5 prosent oppslutning (ned 1,3 prosent poeng frå i fjor)
  • Østfold: 29,0 prosent oppslutning (ned 3,9 prosentpoeng frå i fjor)

På nasjonalt nivå har oppslutninga òg gått ned, frå 32,3 prosent i fjor til 29,5 prosent i år, ein nedgang på 2,8 prosentpoeng.

Ny poengmodell i år

I år vart det innført ein ny måte å registrere poeng på i Sommarles. Frå i år fekk deltakarane poeng for tida dei brukte på å lese, i staden for talet på sider lesne. Bakgrunnen var at enkelte barn tidlegare bevisst valde for enkle bøker for å rase raskt oppover i nivå og samle premiar. Målet med endringa var å belønne sjølve leseaktiviteten, og å gjere det meir rettferdig for dei som les sakte eller strevar med lesinga. Kor mykje endringa har påverka nedgangen i oppslutning, er usikkert.

Endringa har fått delte tilbakemeldingar. På fleire nettsider og Facebook-sider til bibliotek kom det fram at mange synest dette var tungvint, at det vart vanskelegare å måle tid, og at det kunne øydeleggje noko av leseopplevinga for borna. Andre meinte dette var eit godt og naudsynt tiltak.

Biblioteka satsar på Sommerles

Biblioteka legg ned ein solid innsats og spelar ei nøkkelrolle i å gjere lesekampanjen Sommarles til ein stor suksess. Gjennom aktiv marknadsføring, som skulebesøk, invitasjonar til bibliotekbesøk, flotte utstillingar, plakatar og sosiale medium, når dei ut til born og foreldre og skaper merksemd om kampanjen. I tillegg heidrar biblioteka leseinnsatsen til borna med stor begeistring, og avsluttar kampanjen med festlege arrangement som gjer ekstra stas på deltakarane.

God oppslutning, men svakare lesetal på Nesbyen

Ved Nesbyen bibliotek var oppslutninga rundt Sommarles god også i år, fortel biblioteksjef Linda Sofie Øye.

– 61 prosent av elevane på 1.–7. trinn laga seg brukar på Sommarles.no, seier ho.

Sjølve lesetala er derimot ikkje like gode.

– Nesbyen bibliotek vart kutta kraftig i budsjettet frå 2025, og vi har måtta halde stengt i juli både i 2025 og 2026. Det fører til langt mindre utlån, og det gir utslag i Sommarles-statistikken, seier Øye.

I gjennomsnitt las og registrerte kvart barn 585 minutt lesing, eller 9,9 bøker.

Trass i utfordringane trekker Øye fram støtta dei har fått lokalt.

– Vi er veldig glade for at vi har fått midlar frå Skuestiftelsene for å gjennomføre Sommarles på Nesbyen. Det har gjort at vi har flotte premiar, og på laurdag skal vi ha Sommarles-fest for å avrunde det heile. Takk for bidraget til Skuestiftelsene!

– Ut over det får eg som vanleg masse gode tilbakemeldingar på at vi har Sommarles. Barna er begeistra for premiane, og foreldra er begeistra for at barna les! Mange kunne ønskje at Sommarles var heile året, avsluttar Øye.

Utklipp frå Facebook-sida til Nesbyen bibliotek.

Roligare Sommarles-sommar, men 70 prosent oppslutning på Aremark

Ved Aremark bibliotek har Sommarles gått fint i år, men noko roligare enn tidlegare, fortel  biblioteksjef Kathrine Walthinsen.

– Eg trur det skuldast at det no er registrerte minutt som tel. Det er ikkje så lett å nå level 30 i løpet av eit døgn eller tre, seier ho.

Ho merkar noko mindre lesing enn tidlegare år, men trekker fram at det likevel ikkje har vore så aller verst.

– Tatt i betraktning at biblioteket har vore ubemanna i tre veker i sommar, synest eg ikkje det har vore så ille, seier Walthinsen.

Nokre av superlesarane har meldt frå om at det er vanskeleg å halde styr på lesetida.

– Dei blir jo oppfordra til å leggje mobilen i eit anna rom når dei skal lese, slik at dei lettare kan konsentrere seg. Då gløymer dei å ta tida, forklarer ho.

Fleire har også etterspurt dei finaste gevinstane, som dei store ametystane og dei flotte abelone-skjela.

– Det har nok også bidratt til litt mindre lesing etter level 30. Tidlegare har eg hatt dei finaste gevinstane på level 40, seier Walthinsen.

For dei svakare lesarane meiner ho derimot at endringa har vore positiv.

– Sjølv om eg prøver å kjøpe inn rikeleg med gevinstar, har det hendt at nokre ikkje har greidd å kome opp i level 30, 40 og så vidare fort nok til å sikre seg dei gjevaste gevinstane. Det problemet er jo løyst no, seier ho.

Arbeidet med kampanjen har elles gått som vanleg.

– Eg har jobba med Sommarles i år på same måte som tidlegare. Eg har snakka med alle aktuelle klassar om det på førehand, vist fram gevinstane og lese teaseren. I tillegg har eg utstilling av gevinstane gjennom heile perioden. Dei føresette til skulestartarane i barnehagen har òg fått med seg informasjon heim, fortel Walthinsen.

Sommarles-avslutninga ved Aremark bibliotek blir først i veke 41.

Foto: Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold/Christine Eidset

Er du bibliotekar og har synspunkter på årets Sommerles? Gi tilbakemeldinger her
Er du forelder/ foresatt og har synspunkter på årets Sommerles? Gi tilbakemeldinger her