Innrapportert statistikk til Nasjonalbiblioteket viser at folkebiblioteka i Noreg sette besøksrekord i 2025 med 27,9 millionar besøk, ein auke på 3,6 prosent frå året før. Bokutlånet auka til 14,1 millionar, medan utlånet av bøker for barn og unge nådde rekordhøge 8,3 millionar. Også deltakinga på arrangement heldt fram med å vekse, med 1,93 millionar deltakarar i løpet av året. Tala peikar på at biblioteka styrkjer rolla si som møteplass, kulturarena og drivkraft for leselyst.
– Biblioteka har over mange år arbeidd målretta med lesefremjing, formidling og aktivitetar for ulike målgrupper. Det er gledeleg å sjå at dette arbeidet gir resultat, og at besøk, utlån og deltaking på arrangement held fram med å vekse, seier Grete Stuevold Madsbakken, avdelingsdirektør for bibliotektenester ved Nasjonalbiblioteket.
Nøkkeltal 2025 for heile landet:
• 27,9 millionar besøk i folkebiblioteka (+3,6 prosent frå 2024)
• 14,1 millionar bokutlån (+5 prosent)
• 8,3 millionar utlån av bøker for barn og unge (+7,2 prosent)
• 1,93 millionar deltakarar på arrangement i bibliotek (+2,7 prosent)

Bibliotekåret 2025 i Akershus, Buskerud og Østfold
Auke i utlån, særleg blant barn og ung
I 2025 vart det lånt ut heile 14,1 millionar bøker frå folkebiblioteka i Noreg, ein auke på 5,2 prosent frå året før. Heile 8,3 millionar av utlåna var barne- og ungdomsbøker, det høgaste talet som er registrert.
For folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold viser utlånstala til saman 3 113 974 utlån i 2025. Fordelt på fylka hadde Akershus 1 764 565 utlån, Buskerud 627 184 utlån og Østfold 722 225 utlån.
Endringar i utlån i fylka frå 2024 til 2025:
- Akershus: 1 694 406 til 1 764 565 utlån (opp 4,4 prosent)
- Buskerud: 622 232 til 627 184 utlån (opp 0,8 prosent)
- Østfold: 676 040 til 722 225 utlån (opp 6,8 prosent)
Utlån av barnebøker står framleis for ein stor del av bokutlånet. På landsbasis vart det lånt ut i snitt 9,2 barnebøker per barn i 2025. I Akershus var talet 8,2, i Buskerud 8,7 og i Østfold 7,7.
Ny besøksrekord til tross for nedgang i Buskerud
Besøket i norske folkebibliotek held fram med å auke, og nådde heile 27,9 millionar i 2025. Dette er det høgaste totale besøkstalet som nokon gong er registrert, ifølgje Nasjonalbiblioteket.
I Akershus, Buskerud og Østfold er det òg ein tydeleg vekst i besøkstalet, frå 5 740 251 i 2024 til 6 075 951 i 2025. Dette er ein auke på 5,8 prosent.

Endringar i besøk i fylka frå 2024 til 2025:
- Akershus: frå 3 061 121 til 3 473 683 (opp 13,5 prosent)
- Buskerud: frå 1 689 030 til 1 539 200 (ned 8,9 prosent)
- Østfold: frå 990 100 til 1 063 068 (opp 7,4 prosent)
Held stand som viktige møteplassar
I 2025 deltok nær 1,93 millionar menneske på arrangement i norske folkebibliotek, og det vart gjennomført om lag 76 500 arrangement over heile landet. Ifølgje Nasjonalbiblioteket viser utviklinga at folkebiblioteka held fram med å vere viktige arenaer for opplevingar, læring og fellesskap, og har ein sentral plass i kvardagen til folk i Noreg som kunnskapskjelde, kulturarena og møteplass.

Folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold har for alvor etablert seg som viktige møteplassar for både kunnskap, kultur og fellesskap, frå språkkafear og lesestunder til debattar, konsertar og mykje meir. I 2025 deltok 378 958 personar på arrangement i folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold. Biblioteka arrangerte totalt 15 440 aktivitetar gjennom året. Samanlikna med 2024 viser tala ein svak nedgang i deltaking, medan talet på arrangement òg er noko lågare enn året før.

Sjekk tala frå din kommune eller region i Folkebibliotekstatistikken for 2025.
Stor aktivitet vitnar om sterk fagleg innsats i biblioteka

Det er svært positivt å se at folkebibliotekene også i 2025 kan vise til høye besøkstall og stor aktivitet. Samtidig skjer denne utviklingen i en tid preget av strammere økonomiske rammer, der flere bibliotek har opplevd kutt i budsjettene. Dette påvirker det samlede bibliotektilbudet og legger press på både drift og utvikling.
Tallene tyder på at mye av framgangen skjer til tross for krevende rammevilkår, og ikke nødvendigvis som følge av økte ressurser. Bibliotekenes evne til å opprettholde høy aktivitet vitner om stor faglig styrke og betydelig innsats, der prioriteringer og omstilling gjør det mulig å opprettholde et mangfoldig og relevant tilbud.
Samtidig understreker den høye bruken hvilken verdi bibliotekene har i samfunnet. Når flere benytter tilbudene, øker også forventningene til kapasitet og kvalitet. Skal bibliotekene kunne videreføre og utvikle sin rolle som åpne og tilgjengelige kunnskaps- og kulturarenaer, forutsetter det at ressursene står i forhold til oppgavene.
Heidi Hovemoen, Fylkesbiblioteksjef i Akershus, Buskerud og Østfold
