I dag har vi sendt ut ei undersøking til alle folkebibliotek i Viken. Vi ynskjer å kartlegge kvaliteten på tenestene og ressursbruk i folkebiblioteka i Viken, og oppmodar alle folkebiblioteka til å svare på undersøkinga. Svarfrist er sett til 9. oktober 2023.
Målet er å skape eit godt kunnskapsgrunnlag for bibliotekutvikling på alle forvaltningsnivå. Undersøkinga vil gi både dykk og oss ein viktig basis som kan nyttast i argumentasjon for vidare satsing på bibliotek. Resultata vil bli delt i ein rapport for Viken og brukast på statistikkverkstaden vi inviterer til i januar 2024. For å oppnå eit godt kunnskapsgrunnlag som både dykk og vi kan bruke, må målet vere at alle folkebiblioteka svarar på denne undersøkinga.
Undersøkinga vi har sendt ut er basert på ei tilsvarande undersøking som Innlandet fylkesbibliotek har gjennomført. Rapporten frå undersøkinga i Innlandet kan lesast her.
I tillegg til at undersøkinga er gjennomført i Innlandet, vil òg fylkesbiblioteka i Agder, Finnmark, Vestfold og Telemark, og Rogaland sende den ut til sine bibliotek. Dette betyr at kartlegginga vil gje oss eit godt bilete av statusen i Viken-biblioteka, samstundes som den gir oss moglegheit til å samanlikne oss med andre fylke.
