Hol, Hemsedal og Nesbyen blant dei beste på bibliotek i 2024

Hol (8. plass), Hemsedal (11. plass) og Nesbyen (13. plass) er alle inne blant dei 20 beste kommunane i landet i årets utgåve av Norsk kulturindeks. Det viser ferske tal frå Telemarksforskning, som kvart år kartlegg kulturaktivitet og kulturtilbod i norske kommunar.

Norsk kulturindeks gir eit samla bilete av korleis kommunane presterer på kulturfeltet, basert på indikatorar som biblioteksbruk, konsertar, museumstilbod, frivillig aktivitet og kunstnarisk verksemd. Kriteria som blir brukte for å måle folkebiblioteka, er tal på besøk, tal på utlån, aktive lånarar og deltakarar på arrangement.

Også fleire andre bibliotek i våre tre fylke markerer seg sterkt i årets rangering. Desse ligg inne blant dei 50 beste i landet:

27. plass: Hurdal

28. plass: Ål

40. plass: Gol

42. plass: Kongsberg

46. plass: Marker

Norsk kulturindeks tilbyr også eigne fylkesrapporter som gir djuparare innsikt i kulturlivet lokalt.

Hol bibliotek i toppen: Eit kulturelt knutepunkt for alle

– Vi er svært glade for å vere på topp 20-lista også i år, seier Siv Nilsen Isaksen, biblioteksjef i Hol. Det viser at det langsiktige arbeidet vårt for å vere ein open, relevant og inkluderande møteplass fungerer som vi ønskjer.

Biblioteket skal spegle behova i befolkninga.
– Samarbeidet med frivilligheita, lag og organisasjonar, veneforeiningar, og den auka bruken frå både fastbuande, fritidsbuarar og tilreisande, styrkjer rolla vår som eit kulturelt knutepunkt.

Ho trekkjer òg fram det gode samarbeidet med skular og barnehagar:
– Det gjer at vi saman kan gi barn og unge gode leseopplevingar og støtte til læring. I 2024 styrkte vi òg samarbeidet på tvers av avdelingane i Hol kommune, noko som har vore svært positivt og gjort biblioteket endå betre rusta til å møte ulike behov.

Inkludering og folkehelse står framleis sentralt.
– Målet vårt er å vere ein stad der folk kjenner seg velkomne, sett og trygge, uansett bakgrunn og behov. Dei gode resultata stadfestar arbeidet vårt og inspirerer oss til å vidareutvikle tilbodet for alle som bruker biblioteket, avsluttar Isaksen.

Hemsedal: Stolte av å kunne tilby eit godt tilbod

– Vi er fyrst og fremst glade for at folk i Hemsedal brukar biblioteket, seier Anne Berit Ulsaker, biblioteksjef i Hemsedal.
– Kulturindeksen gir oss ei stadfesting på det vi opplever kvar dag, folk er glade for tenestene våre, og vi er stolte av å kunne tilby eit godt tilbod.

Nesbyen bibliotek held fram som viktig møtestad

– I 2024 vart Nesbyen kommune innmeld i ROBEK-lista, med store reduksjonar i alle tenester, inkludert biblioteket, seier Linda Sofie Øye, biblioteksjef ved Nesbyen bibliotek.
– Eg vart igjen som einaste tilsette på biblioteket, med ansvar for tenester til 3 300 innbyggjarar, skular, barnehagar og andre brukarar.

Ho peikar på at det framleis er god oppslutning:
– Det er gledeleg å sjå at det framleis er mykje bruk av biblioteket, både når det gjeld utlån og besøk, sjølv om både tenester og opningstider er redusert.

Biblioteka som drivkraft i levande og inkluderande lokalsamfunn

Heidi Hovemoen, leiar for Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold, rosar innsatsen til biblioteka.

– Det er imponerande å sjå korleis biblioteka i Hol, Hemsedal og Nesbyen, saman med fleire andre kommunar, skaper rom der mange kjenner seg velkomne. Biblioteka er meir enn kunnskapsarenaer; dei er opne møteplassar som byggjer fellesskap, gjev høve til å dele opplevingar og styrkjer kjensla av tilhøyrsle. Årets kulturindeks syner tydeleg kor viktig denne rolla er for levande og inkluderande lokalsamfunn. Kulturindeksen støttar òg opp under det vi ser i den nasjonale bibliotekstatistikken. Aldri før har fleire brukt folkebiblioteket sitt, målt i tal på besøk, utlån og arrangement. Folkebiblioteka er rett og slett ei suksesshistorie og gjev oss trygge rom i ei stadig meir kompleks verd.

Hovemoen trekkjer fram den store innsatsen til bibliotektilsette som ein avgjerande faktor:

– Dei tilsette i folkebiblioteka gjer ein svært viktig jobb, og vi veit dei strekkjer seg langt for å imøtekomme ynskja og behova til innbyggjarane. Det gjeld alle bibliotek, sjølv om det nødvendigvis ikkje kjem fram i kulturindeksen. Vi veit òg at kommuneøkonomien er pressa, men for å oppretthalde og utvikle tilboda er det heilt avgjerande at biblioteka har tilstrekkelege ressursar for å ivareta samfunnsoppdraget sitt framover. Biblioteka er grunnmuren i eit levande lokalsamfunn. Å investere i bibliotek gjev stor verdi tilbake til samfunnet, på fleire område enn vi tradisjonelt forbind med eit bibliotek.

Avslutningsvis rettar Hovemoen ei takk og gratulasjon til kommunane og dei bibliotektilsette:

– Eg vil gratulere kommunane og dei bibliotektilsette, samstundes som eg håper at denne kåringa bidreg til å auke merksemda kring kva biblioteket faktisk bidreg med i sine lokalsamfunn, og kor viktig det er å prioritere dette tilbodet, sjølv med ein anstrengt kommuneøkonomi.