Sommarles: Leseglede i Akershus, Buskerud og Østfold

Årets Sommarles-kampanje har hatt 38 277 deltakarar i dei tre fylka våre, noko som gir ei samla oppslutning på 30,7 prosent. Dette er ein nedgang frå 32,6 prosent i 2024.

Fylkesvise tal viser:

Akershus: 30,3 prosent oppslutning (−1,9 prosent frå 2024)

Buskerud: 28,8 prosent oppslutning (−2,1 prosent frå 2024)

Østfold: 32,9 prosent oppslutning (−2,5 prosent frå 2024)

På nasjonalt nivå har oppslutninga òg gått ned, frå 34,1 prosent i 2024 til 32,3 prosent i 2025, ein nedgang på 1,8 prosent.

Men sjølv om færre har delteke, har borna i Akershus, Buskerud og Østfold verkeleg levert på lesefronten! I løpet av sommaren har dei lese heile 597 492 bøker, ein auke på 4,1 prosent frå fjorårets 573 646 bøker. Dette tilsvarar svimlande 59 400 353 sider, vi er utruleg imponerte!

Desse bøkene las borna mest i Noreg

Topp 3 for 1. – 3. klasse: 1. Bukkene Bruse drar til Syden 2. Den utrolige historien om den kjempestore pæra og 3. Kokosbananas og godteristøvsugeren
Topp 3 for 4. – 5. klasse: 1. Reisen til Jotundalen (Nordlys #1), 2. Edelmot (Edelmot #1) og 3. Nekromanseren (Edelmot #2)
Topp 3 for 6. – 7. klasse: 1. Gutt møter gutt (Hjertestopper #1), 2. Volum 2 (Hjertestopper #2) og 3. Trofeet 8Mørkalven #2)

Biblioteka satsar på Sommarles

Biblioteka legg ned ein solid innsats og spelar ei nøkkelrolle i å gjere lesekampanjen Sommarles til ein stor suksess. Gjennom aktiv marknadsføring, som skulebesøk, invitasjonar til bibliotekbesøk, flotte utstillingar, plakatar og sosiale medium, når dei ut til born og foreldre og skaper merksemd om kampanjen. I tillegg heidrar biblioteka leseinnsatsen til borna med stor begeistring, og avsluttar kampanjen med festlege arrangement som gjer ekstra stas på deltakarane.

Slangar, dinosaurar, is, kaker og ordførarbesøk: utklipp frå Sommarles-festar i dei tre fylka (Facebook: Innbyggertorg og bibliotek Indre Østfold kommune, Rakkestad bibliotek, Rollag bibliotek, Øvre Eiker bibliotek og Jevnaker folkebibliotek)

 

Stor Sommarles-suksess i Hemsedal

Forfatter Arne Lindmo fortalde om Trollheim-bøkene under Sommarlesfesten i Hemsedal Foto: Anne Berit Ulsaker

Hemsedal bibliotek kan feire både ny deltakarrekord og ny rekord i antal lesne bøker under årets Sommarles-kampanje. Biblioteksjef Anne Berit Ulsaker strålar: årets Sommarles har gått heilt fantastisk, med fleire deltakarar enn nokon gong, og barna har lese meir enn tidlegare år. Sommarles er gøy både for ungane og for oss som jobbar i biblioteket, seier ho.

Fredag 5. september vart det Sommarlesfest i biblioteket, og huset var fullt med 70 barn og nokre vaksne. Arne Lindmo besøkte festen og fortalte om Trollheim-bøkene sine. Etterpå fekk kvar klasse ein trekkepremie, og biblioteket avslørte kva klasse som hadde lese mest og gjort seg fortjent til Sommarleskake. Til slutt fekk alle is, og det vart ein skikkeleg feiring av innsatsen til borna.

Det handlar om å skape leseglede, seier Anne Berit Ulsaker. Vi ser kor stolte barna er når dei får vise fram kva dei har lese, og det gir oss som jobbar her ei enorm glede å feire innsatsen deira saman med dei.