Bibliotekåret 2024: Større aktivitet enn nokon gong i biblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold 

Aldri før har fleire nordmenn lånt bøker, besøkt biblioteket eller deltatt på arrangement. 

Folkebiblioteka står sterkare enn nokon gong. Det viser nye tal frå Nasjonalbiblioteket for bibliotekåret 2024. Både utlån, besøk og deltaking på arrangement har gått opp. 

– Tala i bibliotekstatistikken viser at det systematiske arbeidet i biblioteka med formidling og lesing har gitt resultat. Biblioteka står no svært godt rusta til å vidareutvikle arbeidet med å styrkje leselysta, seier Svein Arne Tinnesand, avdelingsdirektør for bibliotekutvikling ved Nasjonalbiblioteket. 

Historisk høge utlånstal 

I 2024 vart det lånt ut heile 13,4 millionar bøker frå folkebiblioteka i Noreg, ein auke på 6,7 prosent frå året før. Heile 7,8 millionar av desse var barne- og ungdomsbøker – det høgaste talet sidan Nasjonalbiblioteket la om målingane i 2008. 

For folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold viser utlånstala ein samla auke på 16,7 prosent, frå 2 565 236 utlån i 2023 til 2 992 678 i 2024. Dette er ein vekst som ligg langt over landsgjennomsnittet på 6,7 prosent. Samanlikna med utlånstal frå 2019 (det siste året med eigen fylkesvis statistikk før Viken) fordeler auke i utlån seg fylkesvis slik: 

  • Akershus har hatt ein auke på 18,9 prosent, frå 1 425 186 til 1 694 406 utlån. 
  • Buskerud har auka med 12,7 prosent, frå 551 840 til 622 232 utlån. 
  • Østfold har hatt ein vekst på 6,3 prosent, frå 636 172 til 676 040 utlån. 

Utlån av barnebøker står for den største auken i bokutlån i 2024. På landsbasis vart det lånt ut i snitt 8,5 barnebøker per barn. I dei tre fylka våre ligg tala litt under landssnittet, med 7,5 barnebøker per barn i Akershus, 8,2 i Buskerud og 6,7 i Østfold. 

Tidenes besøksår 

Besøket i norske folkebibliotek held fram med å auke, og nådde heile 26,8 millionar i 2024, ein auke på 2,8 prosent frå året før. Dette er det høgaste totale besøkstalet som nokon gong er registrert, ifølgje Nasjonalbiblioteket. 

I Akershus, Buskerud og Østfold er det og auke i besøkstalet, frå 5 487 445 i 2023 til 5 740 251 besøk i 2024. Ein auke på 4,6 prosent. 

Besøkstall for folkebibliotekene i Akershus, Buskerud og Østfold 2019 – 2024

Biblioteka som møteplassar 

Biblioteka har for alvor etablert seg som viktige møteplassar for både kunnskap, kultur og fellesskap, frå språkkafear og lesestunder til debattar, konsertar og mykje meir. I 2024 vart det registrert 1,87 millionar deltakarar på arrangement i biblioteka i heile landet, ein auke på 13 prosent frå 2023 til 2024. Nasjonalbiblioteket ser veksten i samanheng med nasjonal bibliotekstrategi og at biblioteka har jobba målretta for å nå fleire. No ser vi verknaden av dette arbeidet. 

Antall arrangement ved folkebibliotek i Akershus, Buskerud og Østfold 2019 – 2024

I 2024 deltok 381 335 personar på arrangement i folkebiblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold, ein auke på 16,3 prosent frå året før. Biblioteka arrangerte totalt 15 533 aktivitetar gjennom året, noko som tilsvara ein auke på 15 prosent samanlikna med 2023. 

Antall deltakere på arrangement i folkebibliotek i Akershus, Buskerud og Østfold 2019 – 2024

Utfordringar, kutt og ressursbruk 

Sjølv om folkebiblioteka i Noreg har opplevd ein markant auke i aktivitet og deltaking, har dei ikkje fått ei tilsvarande styrking av budsjetta. Auken i utlån, besøk, arrangement og arrangementsdeltakarar vitnar om at biblioteka i Akershus, Buskerud og Østfold legg ned eit betydeleg arbeid for å gjennomføre eit mangfald av tilbod trass i avgrensa ressursar. 

I 2023 gjennomførte Fylkesbiblioteket ei kartlegging av ressurs- og aktivitetsbehov i folkebiblioteka i tidlegare Viken. Funn frå denne kartlegginga er publiserte i rapporten  «Det hadde vore eit eventyr å ha 70 prosent fleire tilsette i biblioteket!» og er også ein del av den nasjonale rapporten Folkebibliotekene i Norge 2024 – Statusrapport om bemanning og kvalitet. Her svara 70,5 prosent av biblioteka at dei hadde avgrensa kapasitet til å gjennomføre arrangement på grunn av låg bemanning. Trass i dette har biblioteka i dei tre fylka fått til ein auke på 16,3 prosent i arrangement samanlikna med 2023.  Biblioteka held i stor grad arrangement i samarbeid med frivillige organisasjonar og lokale krefter. I rapporten «Kutt kutt kutt over hele linja«, som Telemarksforskning har utarbeidd, seier 39 prosent av kommunane at dei kjem til å kutte i bibliotektjenester. Over halvparten av kommunane seier at dei må kutte i stillingar og litt under halvparten kjem til å måtte kutte i støtten til frivillige organisasjonar. Det kan medverke til at  biblioteka ikkje klarer å oppretthalde det same nivået på arrangement framover. Skal biblioteka kunne vidareføre og utvikle tilbodet sitt, treng dei føreseielege rammer og reelle moglegheiter til å byggje vidare på det sterke engasjementet som finst lokalt i dag.

Det er gledeleg med historisk høge tal for folkebiblioteka, men desse funna tyder på at mykje av framgangen i biblioteksektoren skjer trass i utfordrande rammevilkår, og ikkje som følgje av auka økonomiske ressursar. Eg vil løfte fram dei tilsette i folkebiblioteka som strekkjer seg langt for å gje gode tilbod til innbyggjarane. Eg håpar samstundes at desse tala viser at det er behov for tilstrekkelege ressursar til å gjere jobben i åra som kjem. Biblioteka bidreg til samfunnsutviklinga og er ein open, demokratisk møteplass for alle. Denne møteplassen treng vi òg i framtida!

Heidi Hovemoen, Fylkesbiblioteksjef i Akershus, Buskerud og Østfold