Vil du vere formidlar på Bokgildet og/eller Kulturfondstafetten?

Begge aktivitetane vil bidra til å utvikle formidlingskompetansen din, bli kjent med kollegaer og gje nye perspektiv på litteraturformidling. Vi ynskjer både nye deltakarar og deg som har vore med før, velkomen!

Bokgildet 2027

Bokgildet er ein møteplass for bibliotektilsette som vil dele leseerfaringar og inspirere andre til å formidle ny litteratur. Målet er å presentere eit utval kulturfondbøker for vaksne frå 2026, slik at kollegaer over heile landet får gode tips til vidare formidling.

Dette seier du ja til

  • Å formidle minst éi bok frå scena på Bokgildet.
  • Å setje av 3 dagar til fysiske samlingar.
  • Å delta på digitale møte undervegs ved behov.
  • Å delta på sjølve Bokgildet på Litteraturhuset i Oslo i februar 2027 (dato kjem).

Dette får du

  • Dekka deltakaravgift til Bokgildet.
  • Dekka reiseutgifter til Bokgildet og de fysiske samlingane.
  • Verdifull erfaring med litteraturformidling.
  • Eit utvida fagleg nettverk.

Tidlegare formidlarar trekkjer fram både læringsutbyttet og kontakten med kollegaer som noko av det mest verdifulle ved å vere med.

Hugs å avklare deltaking med næraste leiar før du melder deg på.

Påmeldingsfrist: 16. juni 2026. Påmelding til Bokgildet – Fyll ut skjema

Kulturfondstafetten 2026

Har du lyst til å formidle bøker på video – eller lære korleis? Kulturfondstafetten gir deg høve til å utvikle nye formidlingsformer saman med bibliotekkollegaer frå heile landet.

Dette seier du ja til

  • Å delta på digitalt oppstartsmøte 3. november kl. 09.00–10.00.
  • Å lese ei tildelt bok frå Kulturrådets innkjøpsordning for 2026 (lesinga skjer på fritida i november/desember).
  • Å skrive ein kort bokomtale etter lesesørvis-metoden, med fagleg tilbakemelding.
  • Å førebu deg på, og øve saman med dei andre påmeldte til innspelingsdagen som blir i første halvdel av desember (dato og stad kjem).
  • Å medverke i eit uredigert opptak der du formidlar boka.

Dette får du

  • Rettleiing og erfaring med videoformidling.
  • Dekka reiseutgifter til innspelingsdagen.
  • Ein profesjonelt redigert video publisert på YouTube-kanalen Leseforslag frå biblioteka og i Mediebanken til Bibliotek24.

Du kan sjå eksempel på tidlegare filmar på bibliotekutvikling.no. https://bibliotekutvikling.no/kompetansebank/content-resource/kulturfondstafetten/ 

Påmeldingsfrist: 15. september 2026. Påmelding til Kulturfondstafetten 2026 – Fyll ut skjema

Kontakt
Olga Skrinde
spesialbibliotekar, Fylkesbiblioteket