På vegne av Den kulturelle skolesekken er sju klassar i regionen vår involvert i å kåre vinnaren av Uprisen for 2025. Seks kritikarklassar skal i haust lese og anmelde alle årets nye norske ungdomsbøker på denboka.no.
Ut frå anmeldelsane blir fem bøker nominert til Uprisen av ein nominasjonsjury. Desse bøkene skal lesast og vurderast av juryklassar over heile landet, og DKS Østfold stiller med ein av desse. To representantar for juryklassane møtest på Litteraturfestivalen på Lillehammer for å diskutere seg fram til ein vinnar, som blir utropt i eit storstilt arrangement på festivalen. Boka som vinn kan med rette kalle seg “Årets ungdomsbok”.
Kritikarklassane
DKS Akershus:
- Hellerasten ungdomsskole, Nordre Follo
- Landøya ungdomsskole, Asker
DKS Buskerud:
- Skotselv skole, Øver eiker
- Kjøsterud skole, Drammen
DKS Østfold:
- Haugeåsen ungdomsskole, Fredrikstad
- Askim ungdomsskole, Indre Østfold
Juryklasse:
- Rygge ungdomsskole, Moss
Vi gratulerer klassane og skulane!
Gjennom hausten kan du følgje kritikarklassane sitt arbeid på denboka.no.
Kontakt
Gunnar Vilberg
formidlingsrådgiver, Fylkesbiblioteket og DKS Akershus
Kontakt
Kjersti Movik Nygren
rådgiver, Fylkesbiblioteket
Kontakt
Stig Elvis Furset
spesialbibliotekar, Fylkesbiblioteket og DKS Buskerud
