Svoltne på Lesersørvis

Rapport etter besøk frå gode naboar. 

Måndag 9. desember fekk Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold besøk frå ein delegasjon frå Regionbibliotek Stockholm og bibliotekarar frå kommunane Värmdö, Huddinge, Danderyd og Sollentuna. Regionbiblioteket hadde teke kontakt fordi dei ønskte å høyre meir om lesersørvis og fylkesbibliotekets arbeid med det. Og det var ein godt førebudd og motivert gjeng som møtte opp. 

Høgtlesing frå temastrategien

Cathrine Undhjem slo an tonen ved å lese høgt frå temastrategien som ligg til grunn for alt arbeidet som Fylkesbiblioteket gjer. Fylkesbiblioteket skal jobbe for at biblioteka i vår region: skaper bedre og flere lesere, bidrar til at flere lærer hele livet, fremmer likeverd, felleskap og folkehelse og deltar i bærekraftig utvikling av samfunnet. Lenke til Temastrategi for bibliotekutvikling

Fotografi av Cathrine Undhjem.

Historien om Lesersørvis i Norge

Etter dette tok Vanja Øyrås ein historisk gjennomgang med arbeidet med Lesersørvis heilt opp til no. Øyrås har vore den sentrale skikkelsen i å få Lesersørvis frå USA til Norge og no kanskje Norden? Danmark har allereie vore på kurs hos henne for ein del år tilbake, og der har metoden spreidd seg vidt. Mens Sverige foreløpig er litt i startgropa. Delegasjonen lurte på korleis det var med Finland, og me spelte ballen tilbake, kanskje det er Sverige som må spreie Lesersørvis til Finland?  

«Forrigebok»

Fotografi av Claus A. Johannesen.

Seinare kom Claus A. Johannesen, Inger Nygård og Daniel Winsvold frå Bibilioteksentralen og fortalte om utviklinga av verktøyet «Forrigebok» som er bygd over Lesersørvismetoden. Verktøyet har akkurat passert 19 000 registreringar og det betyr at det ligg veldig mykje god og nyttig data for bibliotektilsette som kan nyttast i skrankesituasjonar og veiledning, til inspirasjon for utstillingar og mykje anna. 

Etter ein god samtale med mange spørsmål gjekk delegasjonen vidare til Deichman Bjørvika der Marie Alming og kollegaer tok imot dei. I løpet av besøket var dei også innom Biblio Tøyen.  
 
Takk for ein fin dag og for nyttig erfaringsdeling på tvers av landegrenser.

Foto: Oddmund Kårevik