Skolebibliotekets kraft 

Bilde av Elisabeth Jensen Lombnæs, Gamlebyen skole og Marte Tovsrud Syverinsen, Tøyen skole. Foto: Oddmund Kårevik
Tekst av: Oddmund Kårevik, Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold

Elisabeth Jensen Lombnæs og Marte Tovsrud Syverinsen er biblioteklærarar på henholdsvis Gamlebyen og Tøyen skole i Oslo. Dei har sett noko alle treng å sjå. 

Eg har ikkje høyrt om biblioteklærer før. Kan de forklare meg kva det er?  

-Omgrepet er ikkje nytt, seier Elisabeth, det eksisterte før mi tid. Men det er dekkande for det eg gjer på Gamlebyen skole. Eg er tilsett som lærar i 100% og har heile stillinga mi lagt til biblioteket. Kvar dag jobbar eg med å formidle bøker til barn. Bøker og barn er overskrifta og drivkrafta bak alt eg gjer i jobben min. 

 Marte høyrte omgrepet fyrste gong under skolebibliotekstudiet ved Universitet i Agder.  

-Eg tenkte at dette er draumejobben! seier ho. — Eg har alle timane mine lagt til det nye skolebiblioteket på Tøyen skole, og får god bruk for mi pedagogiske grunnutdanning når eg skal vekke elevanes engasjement gjennom litteraturen og forteljingane. 

Gode bibliotekrom 

Kva er viktig for deg når det gjeld å skape ein lesekultur? 

-Hos oss på Tøyen har det vore viktig å lage ei god samling som gir bøkene verdi. Det var ein del år utan bibliotek her. Bøkene var stua ned. Det gjorde at når me byrja med arbeidet her, så var det første me gjorde å kassere det meste. Me måtte på eit vis byrja på scratch. Og eg trur det er ein god ting for barna. Her har me dei populære titlane som barna nærmast slost om. I tillegg har me jobba med lesing som ein sosial aktivitet. Og me har lagt vekt på at det skal vere eit rom det er godt å vere i, seier Marte. 

-På Gamlebyen skole har me ein lang tradisjon med skolebibliotek eg kom inn i, held Elisabeth fram. -Det siste året har eg særleg hatt fokus på elevmedverknad. Eg har tilsett bibliotekassistentar og involverer elevane i alt, til dømes no då me skal pusse opp bibliotekrommet. Alle blir sett i sving til å skru ned hyller og bære bort saman med vaktmeister. Eg gjer det av ein grunn. Eg vil at alle elevane skal kjenne at dette biblioteket er «mitt» og «hit vil eg komme igjen». Og då skal eg som biblioteklærar vere klar med å finne rett bok til rett lesar.  

Skolebibliotekets mange funksjonar 

Kvifor er skolebiblioteket så viktig? 

-For meg er det innlysande. Sjølv her på Tøyen, som kan hende har landets aller beste bibliotektilbod med både Biblio og Tøyen bibliotek, så er det ikkje slik at alle barn går dit eller alle familiar oppsøker biblioteket. Det er berre her på skolebiblioteket me når alle, seier Marte. 

-Når bøkene er så tilgjengelege, kan magiske ting skje heilt utan mi hjelp, føyer Elisabeth til. Som då ein elev hadde formidla Percy Jackson-bøker til medelevar. – Gutane troppa opp på skolebiblioteket, og heldigvis hadde eg den første boka i tre ulike seriar inne. Dei sprang ut av biblioteket og jubla «the fantastic four» og «no er  me  gutta som les fantasy». Utan skolebiblioteket hadde det fort berre blitt med medelevens formidling.  

Kva funksjon har skolebiblioteket? 

-Me snakkar om fleire funksjonar, seier Elisabeth. Me jobbar i Oslo-skolen, som har ein eigen standard for skolebibliotek. Det betyr ikkje at alt er perfekt. Men me veit at skolebibliotek er viktig for lesetrening, leselysta og det psykososiale rommet. Skolebiblioteket og bøkene her er innom tema og verdiar. Det ligg ei enorm kraft i forteljingane. Dei utfordrar til ettertanke og refleksjon. Eg har opplevd at foreldre kjem og spør «kvifor har de desse bøkene?» og «må biblioteket ha desse bøkene?» Der ligg ei moglegheit til samtalar, seier Elisabeth. 

-Og desse samtalane er ofte slik at begge partar går rikare frå dei, held Marte fram. — Me får utvida perspektivet. Me blir betre kjent med foreldras perspektiv, og dei forstår meir av skolens. Eg veit ikkje om nokon anna plass som fyller den funksjonen som skolebiblioteket gjer. Og det som er så fint med skolebiblioteket, er at her kan ein snike seg litt bak hylla og lese sjølv. Ein treng ikkje seie det til nokon, heller. Berre lese stille og reflektere og finne andre som står i liknande problemstillingar. Tenk for ein verdi! seier Marte. 

Ikkje nok med fine ord 

Kva råd ville de gitt om de fekk vere nære rådgivarar og veskebærarar for Lubbna Jaffery og Kari Nessa Nordtun i to veker? 

-Fantastisk spørsmål, seier Elisabeth. — Først ville eg lytta. Eg ville spurt dei om dei verkeleg meiner at leselyst er viktig? Eg reknar med at svaret er «ja». Men så ville eg spurt dei korleis dei har tenkt å få det til? Og så ville eg spurt kvifor dei ikkje satsar på skolebibliotek? Kva er alternativet, spør Elisabeth retorisk, før ho lar det skine gjennom at dette har ho erfaring med. — Alternativet er å legge endå meir på læraren gjennom kompetanseheving. Me som har vore i skolen ei stund, veit at det fort blir eit kurs her og eit kurs der. Det ser bra ut på papiret. Men det løyser ingenting. 

Elisabeth tenkjer seg litt om før ho seier klart og tydeleg: – Eit enkelt råd til Lubbna Jaffery er å gje meir pengar slik at fleire skolar får bøker gjennom innkjøpsordninga. Med 10 millionar hadde alle som søkte i år, fått bøker. 10 millionar er ingenting. 

-Eg har sett begge deler, seier Marte. – Skoler med skolebibliotek, og skoler utan. Og eg veit kor mykje som blir forventa av læraren. Så innmari mykje dei forventar at læraren skal vere god på. Det aller viktigaste læraren kan gjere, er å vere ein god og trygg vaksen som ser dei 27 ungane i klasserommet og gir dei alt hen kan. Eg ville sagt: — Veit de kor sinnsjukt mykje læraren gjer? Kvar dag? Læraren treng all hjelp hen kan få på dei områda der det er råd å avlaste. Dei treng hjelp av oss som har bøker og leselyst som vår spesialkompetanse og har tid til elevane. Dei treng oss og bibliotekrommet for å halde trykket på leseengasjementet oppe, seier Marte. 

Viss eg skal bli happy med leselyststrategien så… 

-Då må eg sjå at politikarane verkeleg meiner dei fine orda om kor viktig skolebibliotek er, seier Marte Tovsrud Syverinsen. 

Kva med deg Elisabeth? 

-Dei må lage ei ordentleg satsing på skolebibliotek slik dei gjer i Sverige. Gode skolebibliotek til alle bør vere satsinga i ein leselyststrategi, avsluttar Elisabeth Jensen Lombnæs. 

“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Har du forslag til folk som burde bli intervjua ta kontakt med: oddmundk@bfk.no Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”. 

Lenke til intervjuserien