Shared Reading i Viken

Mange som arbeider i bibliotek har etter kvart fått kjennskap til Shared Reading. Det er ei metode for å gå inn i tekst saman med andre utan å tolke innhald og verkemiddel. Målet er å utvide leseopplevinga og reflektera saman. Ein leseleiar har ansvar for å lese dikt eller andre korte tekster høgt og lede samtala på ein måte som ivaretek alle deltakarane.

Kurs

Sittende fra venstre: Anne-Cathrine Borthen Dahl, Inger Kristin Nyholt og Camilla Sørbye.
Stående fra venstre: Kirsten Muhle, Anne Elisabeth Tveter Biseth, Tine Didriksen, Birte Guttormsen, Marianne Berthelsen, Elisabeth Alnes, Siri-Ann Gabrielsen, Thea Haflan, Olga Skrinde og Kari Hortman.

Viken fylkesbibliotek arrangerte kurs i Shared Reading på Tollboden hotell i Drammen 9. – 11. september. Kursleiarar var Kari Hortman og Kirsten Muhle og det var 11 deltakarar frå fylket. At kurset gjekk over tre dagar gav rom for fin variasjon mellom undervisning og praktiske øvingar. Det vart gjennomført mange lesestunder og alle fekk gjera sine eigne erfaringar. I tillegg var det eit fint sosialt fellesskap. Kursdeltakarane har gjeve gode tilbakemeldingar på kursopplegget gjennom evalueringsskjema i ettertid.

Nettverksmøter

Fylkesbiblioteket har nå etablert eit nettverk for leseleiarar i Shared Reading med mål om å halde kunnskapen og motivasjonen ved like. Planen er månadlege møter på Teams der det vekslar på ulike vekedagar for å få med flest mogleg. Klokkeslettet blir 08.30 – 10.00.

Programmet blir ei lesestund i grupper frå kl. 08.30 – 09.15, med ei stutt evaluering etterpå. Frå kl. 09.15-10.00 blir det fagforum med aktuelle tema. Det kan til dømes vera korleis rekruttere deltakarar til lesestunder, kvafor tekster som fungerar og  korleis ein utøver leseleiar-rolla.

Nettverketsmøta vil endre seg i takt med kva deltakarane melder inn at dei treng til kvar tid.

Kontakt:
Olga Skrinde
spesialbibliotekar, Viken fylkesbibliotek