Lier bibliotek er innovative. Dei har søkt midlar frå Erasmus+ til å utvikle Active Citizenship, eit spel om aktivt medborgarskap. Denne måndagen i slutten av april er me ei gruppe på seks som prøvespeler spelet. Det er studentane Karoline, Mathilde, Lawen, Iris, læraren deira Kristin og eg frå Fylkesbiblioteket. Marte frå Lier bibliotek er Game Master og har i oppgåve å leia spelet og setta samtalen i gong.

Case: Gabriel, 34 år.
Me har fått utdelt eit rollekort. I dag skal det handla om Gabriel. Gabriel har ein del issues. Av karakerkortet får me greia på at han har eco-angst, eller det må på norsk ofte kallar klima-angst. Han er 34 år.
Så byrjar samtalen rundt bordet.
– Eg får ein vibe på at han er singel, seier Lawen
– Kanskje han jobbar i Norwegian, seier Karoline
– Men han likar å reise til Polen, seier Mathilde, kanskje det er difor han kjenner på skam?
Plutseleg finn me ut at Gabriel både er homo, men i skapet og katolikk.
Så blir eit nytt kort trekt. Gabriel er veldig opptatt av bustadkrisa, det er døme frå Portugal som blir nemnt.
Gruppa prøver å overføre det til norske forhold, og snakkar om at det også er folk i Norge som står utan bustad.
– Men kva om Gabriel har innvandra til Norge frå Portugal, saman med foreldra, seier Lawen.
– Ja, seier Anne Britt som har vore med og utvikla spelet – Og kanskje han ynskjer å snakka på vegne av bestemora i Portugal, som har blitt heimlaus?
Men tør Gabriel å fronta denne saka? Gruppa går fyrst i tenkjeboksen.
– JA, finn gruppa ut etter ei lita stund.
Gabriel har kontaktar i NRK. Han står fram som varslar og fortel om situasjonen i Portugal og det som har skjedd med bestemor hans, og at dette snart kan skje i Norge.
Gruppa lurer på om Gabriel kjem ut av skapet?
Lawen er ikkje så sikker. Han har jo alt å tapa på det.
Gruppa meiner han vil klara det, etter kvart.

Me lærer meir gjennom meta-samtale
Etter spelet vert ulike roller avslørt. Lawen har hatt rolla som djevelens advokat og stilt kritiske spørsmål undervegs. Karoline har som oppgåve å gjenfortelja heile historia i etterkant.
Så er det tid for meta-samtale. Me snakkar om det me har opplevd i spelet.
– Det var fint det var fordelt kven som hadde korta og at det ikkje berre var ein person som bestemte alt, seier Mathilde.
– Og det vart tatt opp fleire relevante tema, skyt Iris inn.
– Eg likar å spela spel, seier Lawen. – Mafia, Varulf, det å ha rolle.
– Noko eg likte godt med dette spelet, held Lawen fram, – var at me er seks forskjellige folk, seks ulike hjerner som kjem med ulike ting.
– Frå eit lærerperspektiv så ser eg at det skjer noko med relasjonen, seier Kristin Gregers Eriksen, som er førsteamanuensis ved USN. – Eg opplever at dette spelet tar bort skiljelinjer på makt og rolle mellom meg og studentane. Det gjer at eg ser sider av studentane som eg ikkje ser i klasserommet på ein positiv måte, legg Kristin til.
– Me har aldri prata med kvarandre før, sjøl om me går i same klasse, seier Karoline og ser på Lawen.
– Dette er veldig interessant, seier eg, – Vil de prata med kvarandre igjen?
Dei nikkar.
– Det som er fint med spelet er at ingen kan melda seg ut av det, seier Mathilde. – Alle var med.
– Og eg likte at det ikkje var fasitsvar, seier Lawen.
– Og så var det viktig med ein moderator, seier Kristin og nikker til Marte. – Det gjer oss trygge på prosessen.
– Ja, Marte fekk samtalen til å flyte, istemmer Lawen.
Ettertankar
Til slutt deler Marte noko frå ei tidlegare erfaring med demokratispelet frå biblioteket. To veldig forskjellige personar frå ulike generasjonar møttest gjennom spelet. Det var to som ikkje ville snakka med kvarandre om det ikkje var for Active Citizenship.
Etterpå hadde den eine personen sagt: – Jeg får så respekt for det du står for.
Tenk det!
Marte forklarer kort kva som er måla med spelet: – Me som har utvikla spelet ønsker å styrke det me kan kalla medborgarskap. Målet er å aktivisere fleire innbyggjarar i arbeid med lokale og samfunnsmessige utfordringar. Me ynskjer å styrke biblioteka som demokratiarena og ikkje minst utvikla kompetanse hos bibliotekarar. Spelet gir gode verktøy for å fasilitera dialog og samarbeid som me trur kan nyttast i ulike lokalsamfunn, avsluttar Marte Bergsland prosjektleiar ved Lier bibliotek.
Og kan hende brettspelet kan vere ein måte å skapa robuste lokalsamfunn slik Marte og dei andre som har laga spelet håpar på. Som prøvespelar denne måndagen gjer eg meg nokre tankar i ettertid.
Eg trur spelet kan nyttast på mange typar bibliotek. Spelet er ein god samtalestartar. Endå viktigare: Å delta i spelet fører samtalen inn på viktige ting sjølv om me aldri har møtt kvarandre før, for å sitera to av dei som var med: «Det blei tatt opp fleire relevante tema,» som Iris sa, og «Alle var med!» som Mathilde slo fast. Er det ikkje nettopp dette me ynskjer?
For ein del år tilbake høyrte eg eit ord eg la merke til: «Positiv friksjon.» På sitt beste kan dette spelet vera akkurat det.
Active Citizenship – The Participation Game
- Active Citizenship – The Participation Game er utvikla i samarbeid mellom Boost Your Thinking (Portugal), Lier bibliotek og kunstnar Anne Britt Rage. Dei har samarbeida sidan 2024. Prosjektet er finansiert gjennom Erasmus+ og hadde opphavleg varigheit på eit år. For tida arbeider dei med nye søknader for å vidareutvikla spelet.
- Kva er det?
Eit dynamisk læringsverktøy som engasjerer innbyggjarane i diskusjonar om samfunnsspørsmål, og legg til rette for samarbeid, refleksjon og historieforteljing. - Bakgrunn:
Deltaking i demokratiet er skeivt fordelt, mange opplever ikkje å bli høyrt, og debattklimaet er ofte polarisert. Spelet bruker leik og rollespel for å skapa ei trygg ramme. Målet er at deltakarane skal utvikla empati, utforska ulike perspektiv og det skal vere lett å delta. - Status:
Spelet er framleis under utvikling og vil snart bli tilgjengeleg for nedlasting. Spelet kjem både i engelsk, norsk og portugisisk versjon. Oppdatert informasjon her: https://lieropplevelser.no/res-bibliotheca/activecitizenship_theparticipationgame/
Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket
