Programmet for Nordisk barnebokkonferanse, NBBK vart lansert for to veker sidan. I eit stappfullt møterom sit dei blide arrangørane frå Lillestrømbibliotekene, IBBY, Norsk barnebokinstittutt, *Foreningen !les og *Leser søker bok (*Intervjuet blei gjort 19.mai, eit par dagar før Foreningen !les og Leser søker bok vart Stiftelsen Lese.)
– Lillestrømbibliotekene vil gjerne vere langt framme og me ynskjer å gjere noko som er viktig. Dette var ein av grunnane til at me tok oppdraget, og jobba mykje med å skaffe ekstern finansiering til konferansen, som no heldigvis er i boks, seier Ragnhild Malfang, rådgivar for arrangement og formidling ved Lillestrømbibliotekene og prosjektleiar for NBBK.
Mange innspel frå feltet
Nordisk barnebokkonferanse:
- Etter at NBBK i mange år har vore arrangert av Sølvberget bibliotek i Stavanger er stafettpinnen gått vidare til Lillestrømbibliotekene, IBBY, Norsk barnebokinstitutt, Foreningen !les og Leser søker bok.
- Årets utgåve av NBBK, «Boka går», blir arrangert i Lillestrøm 22. og 23. september.
- Viktige tema er: sensur og lesekrise under lupen.
- Arrangøren ønsker å inspirere til samarbeid på tvers av landegrenser.
De har laga eit program med sterkt nordisk tilsnitt, korleis gjekk de fram for å få det til?
– Me fekk rundt 100 innspel til tema og resurspersonar frå heile det barnelitterære feltet. Både frå organisasjonar, institusjonar og enkeltpersonar. Det er mange aktuelle tema som er viktige. Eit av dei mest aktuelle er sensur og folk som vil skjerma alle barn frå enkelte bøker. Me veit for lite om kvarandre i Norden, det har vore mange kvite felt å fylla og mykje googling, fortel Ragnhild Malfang.
– Det har vore nyttig å dela nettverk for å få vinkla det nordiske perspektivet i programmeringa, fortel Troels Posselt frå Foreningen !les. Han har sjølv inngåande kunnskap om utviklinga i Danmark. – Å sjå Norden under eitt gir eit interessant kunnskapsgrunnlag, held han fram. – Det er likskapar frå leseundersøkingar, og nokre av dei same diskusjonane med litt ulike løysingar.
Breidt samarbeid og viktig møtestad
Korleis har det vore å samarbeida om denne konferansen?
– Foreningen !les og Leser søker bok slår seg saman, og når konferansen startar er me Stiftelsen LESE. Dette er vårt fyrste store felles prosjekt og noko me har jobba med i fellesskap. Det er fint å kjenna på alt me klarer å få til saman, seier leiar i Foreningen !les Vibeke Røgler, som også er ny leiar for Stiftelsen LESE.
– Intensjonen er eit breidt samarbeid, seier formidlingsleiar ved Norsk barnebokinstitutt Birgitte Eek. – Lillestrømbibliotekene leier prosjektet og stiller med lokalitetane. Me har mange problemstillingar å løfta saman.
– Eg tenkjer på dette som eit løft i fellesskap for heile litteraturfeltet, seier rådgivar i Leser søker bok, Eivor Vindenes. – Konferansen skal vere ein viktig møtestad for dei som arbeider med lesing og formidling på bibliotek, i skolen, i forlag og for dei som skapar bøkene.
– Dette blir også eit viktig treffpunkt for forfattarstudentar og andre kunststudentar, legg Birgitte til. – Det er avgjerande å finna miljø som inspirerer og kan gi push i rett retning.
– Det er viktig for oss å laga ein inkluderande konferanse, For me treng å stå saman, me som arbeider med lesing for barn og unge, fyller Ragnhild inn, før ho held fram: – Alle skal føle seg velkommen, også om ein kjem aleine. Me vil fremja fellesskap.

Niklas Lello (Norsk barnebokinstitutt), Elisabeth Kjensli Johansen (Lillestrømbibliotekene),
Fremste rekke: Troels Posselt (Foreningen !les, Vibeke Røgler Foreningen !les, Eivor Vindenes (Leser
søker bok) og Ragnhild Malfang (Lillestrømbibliotekene) Foto. Sara Beskow
Som å kome til ei ny verd
Kva ser de mest fram mot?
– Eg gler meg til å sjå det heile i praksis, fyller Vibeke inn. Og held fram – Fulle salar og stormande jubel. Og: «sjå kva me har fått til»!
– Utveksling av nordiske erfaringar. Opne vindauga på gløtt til nabolanda våre og få inn nye impulsar. Det er så fint å samlast fysisk, då blir det konkret, seier Troels.
– For meg betydde det så mykje å kome til konferansen dei åra då den vart arrangert i Stavanger, held formidlar Elisabeth Kjensli Johansen fram. – Det var som å kome til ei ny verd. Eg tenkte berre «wow». Ikkje minst det å møta andre og skapa nettverk. Og så likar eg så godt at konferansen vår har noko leikent over seg, nett slik barnebibliotekarar har.
Sitje i same sal og tenkje nye tankar
Kva er de mest nøgd med?
– Dette blir ein konferanse eg ønsker å gå på sjølv, med eit program kor eg trur eg kan læra noko nytt, seier Birgitte.
– Eg gler meg til å vere saman med andre som brenn for litteratur og lesing over tid, seier Eivor. – Det å vere i same sal og høyre på ein samtale og kjenne på at noko endrar seg i hovudet.
Grobotn for nye prosjekt
Har de tenkt nordisk perspektiv når det gjeld rekruttering av publikum?
– Dei har fått informasjonen, så håpar me mange kjem. Og så skjønar me at dette også er noko som må byggjast opp over langs. Men me ynskjer å vera ein leiken arena og grobotn for nye prosjekt. At me kan inspirera kvarandre, seier Ragnhild.
Heilt til slutt avsluttar Marie Hagen, koordinator for barnetilbodet ved Lillestrømbibliotekene, med å minna på at det er earlybird-billettar på sal ut pinsehelga.
