Tekst og foto av Oddmund Kårevik, Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold.
Skolebibliotekarane Åsne Hestnes (Nadderud vidaregåande skole) og Siv Marit Ersdal (Drammen vidaregåande skole) har jobba fram Utviklingsplanen for skolebibliotek saman med ei arbeidsgruppe av skolebibliotekarar og med god støtte frå kompetanseavdelinga i tidlegare Viken fylkeskommune. Det kjennest ikkje tilfeldig at dagen for intervjuet er første dag sola skin på svært lenge. For dette er eit solid og godt stykke arbeid. Me møtest på Nadderud vidaregåande skole. Biblioteket er plassert rett ved kantina og er hjarte for elevane i skulekvardagen. Lærarane ved skulen beveger seg for det meste i etasjen over og kan unngå biblioteket viss dei vil.
– Me må gjera biblioteket relevant for dei, seier Åsne Hestnes.
Kva er dine beste råd til ein som nettopp har starta som skolebibliotekar?
– Å setja seg inn i læreplanar er avgjerande. Men også å læra seg skolens språk og kultur. Skolebibliotekaren må finna allierte og interesserte lærarar, og ikkje minst må hen vere tolmodig. Ein kan ikkje skapa dei store og vellukka prosjekta på ein dag, seier Åsne.
– Nokre gonger kan det bli prosjekt som går over mange år, seier Siv Marit og fortel engasjert om naturfagprosjektet ved Drammen vidaregåande skole som ho har halde på med i 15 år. Heile tida har det blitt oppdatert med ferske artiklar og nytt kjeldetilfang. – Det er eit prosjekt om kjeldekritikk og kjeldetillit. Eg er med i alle fasar og følger elevane tett. Mi oppgåve er å hjelpa dei med å skrive ein etterretteleg og god akademisk tekst.
Nokre vil seie at dette ikkje er lesing?
– Det har alt med lesing å gjere, forklarer Siv Marit. -Det er kritisk lesing. Elevane må forstå kjelda når dei skal skriva ein akademisk tekst.
Den alvorlege sida med lesing
Kva tenkjer de om leselyststrategien?
Åsne tenkjer seg litt om.
– Eg brukar ikkje omgrepet leselyst så mykje. Eg trur det handlar om at eg er redd for at folk som ikkje er så inne i feltet vårt, skal misforstå. At dei skal tenkja at lesing handlar om å kosa seg. Det er altfor viktig til det.
De har eit leseprosjekt på Nadderud vidaregåande skole?
– Dette er eit tverrfagleg prosjekt som me har jobba med over tid, seier Åsne og held fram:
– Prosjektet skal gå over tre år. Leseprosjektet er forankra hos leiinga og alle avdelingane. Biblioteket har eit tydeleg eigarskap til det, ikkje minst på grunn av Utviklingsplanen for skolebibliotek som vart ferdig i fjor. For ei tid tilbake hadde me opning av prosjektet her ute i kantina, elevar og lærarar deltok. Eg sa: «No er det slik at me satsar på lesing på Nadderud, og dette vil de merka på mange måtar». Eg sa ikkje «fordi det er viktig for dåke.» Dei veit at det er viktig.
Å velja å bli ein lesar
Korleis har elevane forandra seg?
– Før var lesing noko ein kunne gjera på fritida, seier Siv Marit. – Slik er det ikkje lenger.
– No er det HBO, Netflix, SATS og mykje anna som tek tida, seier Åsne. – Eg møter mange elevar som slit med lesing. Men det er ingen som seier at dei ikkje gidd å lesa. Dei seier at dei ikkje har tid til å lesa.
– Tid, held Åsne fram, -dette er noko eg har tenkt mykje på i det siste. Eg og Siv Marit høyrte begge Ekko på NRK P2 rett for jul, med Kari Spjeldnæs og Marte Blikstad-Balas. Dei snakka om digitale forstyrringar, og dei snakka om det med tid og lesing. Og det med å gi lesing status. Du veit, mange seier dei les på senga for at dei skal få sova, det er ikkje å gje lesing status. Eg seier til elevane mine at me i mykje større grad enn før må velja å bli ein lesar. Slik trur eg det er.
Kvifor er det viktig?
– For å ty til dei litt store orda, så trur eg det er slik at viss me sluttar å lesa, då sluttar me å tenkja. Viss me er avhengige av KI-verktøy for å trekkja ut dei viktigaste punkta i ein klimarapport, då går me glipp av noko. Dagens unge er morgondagens leiarar og morgondagens politikarar. Me er avhengige av at dei kan lesa og setja seg inn i saker før dei tek viktige val, held Åsne fram.
– Eg opplever at skolen og lærarane er på laget vårt her, skyt Siv Marit inn. – Me ropar ikkje i skogen. Forsking og rapportar har vist kor viktig lesing er.
– Ofte vert elevane sendt til biblioteket på slutten av timen når dei skal låna ei ny bok. Me må endra praksis, seier Åsne og held fram: – Difor har eg byrja be lærarane om å senda dei i starten av timen. For dei svakaste elevane er alltid dei mest skadelidande når det vert dårleg tid. Dei gjer seg fortast ferdig med å velja bok. Dei har ingen strategi. Men når dei får betre tid, då vel dei gjerne ei ny bok. Og den andre gongen gjer dei ofte eit betre val. Betre tid til å velja bøker er eit lite grep som er lett å gjennomføra og slik aukar me lesingas status.
Gode elevmøter
Kva motiverer dykk til å stå opp morgonen?
– Det er lett. Det er alle møta med elevane. Og å sjå at dei utviklar seg, seier Siv Marit.
– Det er meiningsfullt å vera med i tre så formative år, seier Åsne og held fram: – Me er ekstremt heldige som får vera saman med ungdom heile dagen.
– Dagane varierer, og eg veit ikkje kva som møter meg. På ein god måte. Det er spennande, fortsett Siv Marit.
– Og me må læra nye ting heile tida, skyt Åsne inn.
Utviklingsplanen for skolebibliotek
Kva er det med skolebibliotekarjobben som gjer den spesiell?
– Det er dette skjeringspunktet mellom pedagogikk og bibliotekyrket som både eg og Siv Marit brenn for, seier Åsne, og presiserer : – Eit viktig utgangspunkt for Utviklingsplanen var formuleringa frå Temastrategien til Fylkesbiblioteket om å laga ein utviklingsplan som skulle forsterka den pedagogiske rolla til skolebiblioteket.
– Nett denne kompetansen håpar og trur me kan vera med å heva statusen til skolebibliotekaren, samstundes som den utfordrar, held Siv Marit fram.
Det er ein ambisiøs plan?
– Ja, men eg trur ikkje det er slik at planen skal knusa skolebibliotekaren under eit veldig krav, seier Siv Marit. – Det er nokre år sidan eg tok utdanninga mi. Denne planen kan vera med å hjelpa meg og andre å sjå område me treng å bli betre på og område me treng å oppdatera kunnskapen vår på. Det trur eg er eit gode.
– Det er også vesentleg at planen ligg lett tilgjengeleg i tilsettportalen for alle fylka den gjeld for: Akershus, Buskerud og Østfold. Der ligg den saman med andre sentrale styringsdokument. Slik vert den synleg og viktig for skuleleiinga, seier Åsne.
«Redelige pengar»
Kva råd har de til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og dei som arbeider med leselyststrategien?
– Situasjonen i vidaregåande skole er mykje betre samanlikna med grunnskolen. Våre tre fylker har bibliotekarstillingar på vidaregåande. I grunnskolen er statusen på skolebiblioteka jamt over ein tragedie. Her må det inn mykje kompetanse og mykje pengar til bøker. Eg ønsker meg vanlege og redelige pengar og faste stillingar, ikkje berre prosjektmidlar, seier Siv Marit.
– Eg vil også råda politikarane å lesa forskinga som fortel om samanhengen mellom skolebibliotek, lesekompetanse og læringsresultat, for den finst. Kanskje den kan hjelpa dei med å prioritera pengar? spør Åsne Hestnes.
Bittesmå ting
Etter samtalen går me inn i skolebiblioteket på Nadderud vidaregåande, der ei sjakkturnering er i innspurten, andre elevar jobbar med skolearbeid. Og Siv Marit lar seg inspirera av måten kollegaen frontar bøkene til elvar som les i motvind. «Kort og godt» har ho kalla utstillinga.
– Det kan vere bittesmå ting som dette som inspirerer, seier Siv Marit Ersdal. – Ein ny skolebibliotekar må reisa mykje rundt og læra av kollegaer og få tips. Me lærer alltid noko av andre, avsluttar ho.
“Mens me ventar på leseleyststrategien” – ein intervjuserie
“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Har du forslag til folk som burde bli intervjua ta kontakt med: oddmundk@bfk.no Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”.
Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket
