
To dagar i juni var det samla heile 24 deltakarar på Bibliotekenes hus på kursleiarkurs i Lesersørvis-metoden. Deltakarane kom frå heile landet og også frå Sverige og Danmark. Primus-motor for det heile var Vanja Øyrås, som er den som har fått metoden frå USA og er drivkrafta i arbeidet med Lesersørvis. Desse dagane var det fleire som fekk dela sine erfaringar.


Ei av dei som stod på scenen var Ingrid Ericson frå Trøndelag fylkesbibliotek. Ho fortalte at det viktigaste fyrste gong var at ho turte å kasta seg ut i det.
– Eg sendte ut kursinvitasjonen før eg hadde tenkt meg om, fortel ho med eit smil.
Metoden er stjerna
Ingrid fortel at ho etterkvart har funne ein ny nøkkel:
– Eg har byrja gle meg til kursa. Som før nyttar eg mykje tid på førebuing, men har funne ut at det er viktig at eg som kurshaldar gler meg, for då blir det meir morosamt å halda kurs, seier Ingrid før ho legg til: – Det er lett å begeistra med Lesersørvis. Metoden er stjerna! Det betyr at eg som kursleiar er mindre viktig.

Linn T. Sunne frå Innlandet fylkesbibliotek la vekt på variasjon i innlegget sitt.
– Eg trur me lærer aller best av å vere aktive og gjere ting. Når eg held kurs legg eg opp til ein variasjon mellom at eg snakkar og viser, samt aktivitet og samtale. Eg må gjera ting til mitt eige og bruka meg sjølv. Eg opplever at det er god stemning på kursa i Lesersørvis, fortel Linn T. Sunne.
Hurtiglese alle type bøker


Etter kurset fekk me tak i to deltakarar Christian Utigard og Fanny Sandström Rødfoss.
Christian Utigard er leiar for biblioteket i Tokke i Vest-Telemark.
– Kva har du lært gjennom å bli kjent med Lesersørvis?
– Lesersørvis har gitt meg noko eg har sakna. I bibliotekskranken kan ein av og til få svært opne spørsmål: «Eg vil ha ei god bok om [eit eller anna].» Eit slikt spørsmål kan kjennast som eit stort ansvar å svara på. Gjennom lesersørvis har eg fått ein metode å møta dette på og eg treng ikkje vera usikker lenger, fortel Christian Utigard.
– Er det nokre verktøy du har hatt særleg bruk for?
– Eg har bakgrunn frå litteraturvitenskap ved Universitetet i Bergen, som eg tok før bibliotekarutdanninga. Eg trur Lesersørvis har lært meg å bli mindre snobbete, for eg kan hurtiglesa alle type bøker.
– Kva er det viktigaste du tek med deg frå kursleiar-kurset?
– Noko av det eg lika aller best i det Vanja Øyrås formidla, og gjennom å høyra dei andre som snakka om Lesersørvis, er at ein kan fylla det litt med eige innhald og tilpassa kurset slik det høver best for mitt publikum, for min del vil det seie kollegaer ved biblioteka i Vest-Telemark, seier Christian Utigard.
Lesersørvis som angstdempar
Ring, Ring. Me får fatt i Fanny Sandström Rødfoss som er bibliotekleiar ved Nord-Odal bibliotek i Innlandet og spør henne kva ho vil trekke fram som det beste med Lesersørvis?
– Det beste med Lesersørvis? Lesersørvis er angstdempande! Eg treng ikkje lenger å kjenna «Fear in a librarians heart» når eg får spørsmål om å anbefala ei god bok, for Lesersørvis har gitt meg verktøya eg treng for å gjera ein god jobb.
– Kva var det viktigaste du tek med deg frå kursleiar-kurset?
– Eg likte særleg godt at Vanja trekk inn vårt kulturpolitiske mandat, å formidla bredda av norsk litteratur. Det viser at Lesersørvis faktisk er viktig og ikkje berre gøy.
Ver tydeleg


Til slutt tek me ein liten prat med seniorrådgivar ved Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold, Vanja Øyrås.
– Kva råd vil du gje til ein fersk kursleiar i Lesersørvis?
– Ver tydeleg, ryddig og venleg. På starten av kurset er det viktig å seia kva som er målet med det heile: «Eg vil at du skal gå herifrå med den og den kunnskapen.» Når eg som kurshaldar er tydeleg og open om kva som er mine mål, trur eg det er lettare for deltakarane å ha lyst å vera med, avsluttar Vanja Øyrås.
