Veit du kva ein sansula er? Har du tenkt på korleis regnvær kan dramatiseres når du les høgt? Eller kva med å laga kunstprosjekt basert på Jakob Martin Strids viltre bøker om Mimbo og Jimbo? Dette og mykje meir fekk me lære på haustens leselystsamlingar for tilsette frå barnehagar og bibliotek. Fylkesbiblioteket var arrangør, i samarbeid med biblioteka i dei tre kommunane. Til saman deltok rundt 200 på dei tre samlingane som vart arrangert på Lillestrøm bibliotek, Litteraturhuset i Fredrikstad og i Øvre Eiker Rådhus.

Nye bøker til barna

Førstelektor ved OsloMet, Hilde Dybvik, hadde det faglege foredraget på alle tre samlingane. Dypvik hadde fått i å oppgåve å svare på korleis ein kan jobbe for å få meir leseglade barn og korleis ein kan jobbe for å få meir lesing inn i barnehagen og kva biblioteket kan bidra med. Eit av hovudpoenga hennar var at dagens barn fortener å lese nye bøker som speglar samtida. Ein fersk forskingsartikkel viser at dei nyaste bøkene i Topp 10 på det ein kan kalle «barnehagens kanon» allereie er 16 –17 år gamle (Bukkene bruse på badeland og Jakop og Neikop.) Dette er mogeleg å gjere noko med. For biblioteka har dei nye bøkene.
Målet med dei fysiske samlingane var todelt. Både å bli betre kjent med kvarandre på tvers av ulike fagfelt, men også å få introdusert ny litteratur som kan brukast i barnehagen. Difor var siste del av samlingane eit gruppearbeid der gruppene frå barnehage og bibliotek jobba saman med nye bøker som dei utarbeida formidlingsopplegg til.
Eit døme på samarbeid

Ein som bidrog på samlingane var Peter Boysen. Han arbeider som pedagogisk leiar ved Eplehagan barnehage i Mjøndalen. Han fortalte om Tøyveskebiblioteket og samarbeidet med Inger Bergan Mortensen frå Drammensbiblioteket.
– Me opplevde at arbeidet med leseglede stod stille i barnehagen. Difor bestemte me oss for å starta leseprosjekt og eg fekk låne ein bokkasse av biblioteket, fortel Peter.
På ein måte blei dei betre kjent ved at Peter spurte Inger om for mykje.
– Eg spurte om fire bokkassar for alle avdelingane ville ha sidan leseprosjektet blei så populært, seier han
– Det kunne eg ikkje gi han, for så mange småbarnsbøker har me ikkje, seier Inger.
Løysinga blei Tøyveskebiblioteket, som mange bibliotek og barnehagar samarbeider om.
Betre kjent på tvers
– Eg har trua på slike tverrfaglege fagdagar som dette, seier barnebibliotekar Inger Bergan Mortensen. – Blandinga av bibliotekfolk og barnehagefolk er spennande, og eg trur at me kan læra masse om og av kvarandre, avslutter ho.
Det er interessant å sjå at samarbeid kan oppstå av små frø. Samlingane «Leseglade barnehagebarn» var slike små frø som blei sådd. Og det var ein arena til å bli litt kjent med kvarandre på tvers av profesjonar. Håpet er at det bli lettare å ta kontakt i neste omgang.
Lenke til andre sakar om leselystsamlingane
Lenke til saka «Felles løft for lesing med de minste» på Østfold fylkeskommune si nettside
Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket
Kontakt
Camilla Sørbye
seniorrådgiver, Fylkesbiblioteket
