Kulturfondstafetten

Kulturfondstafetten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka der tilsette frå folkebibliotek i heile landet formidlar nye norske kulturfondbøker gjennom korte filmar. Akershus, Buskerud og Østfold hadde siste etappe i 2024, og filmane er nå klare til å formidlast vidare. Dette er tredje runde med KF-stafett, og denne gongen er målgruppa utvida til bibliotekbrukarar i tillegg til bibliotektilsette.

Filmane er publisert på YouTube-kanalen Leseforslag fra bibliotekene, og derfrå kan dykk dele lenke til filmane der dykk vil.

Filmane er også lasta opp i Mediebanken til Bibliotek 24: Bibliotek24 | Kulturfondstafetten, og derfrå kan dykk laste ned dei filmene dykk ynskjer, og dele direkte. Filmane er klypt i både ståande og liggjande format, slik at dykk kan velge det som passar best.

Alle filmane vil også bli tilgjengelege som søketreff i BS sitt biblioteksystem LibryContent.

Vi takkar dei som har deltatt i KF-stafetten frå oss denne runda: Frå Lillestrøm bibliotekene: Siri Ann Gabrielsen og Inger Kristin Nyholt, frå Eidsvoll bibliotek: Nina C. Gudnersen og Elisabeth Alnes, frå Nes bibliotek: Monica Wang, frå Hole bibliotek: Siri Berrefjord, frå Lørenskog bibliotek: Torbjørn Oppedal og frå Halden bibliotek: Marianne Linkjendal.

Fra venstre: Siri Berrefjord (Hole bibliotek), Thomas Buikema Fjærtoft (filmfotograf), Torbjørn Oppedal (Lørenskog bibliotek), Elisabeth Alnes (Eidsvoll bibliotek), Siri Ann Gabrielsen (Lillestrømbibliotekene), Monica Wang (Nes bibliotek), Nina C. Gundersen (Eidsvoll bibliotek) og Inger Kristin Nyholt (Lillestrømbibliotekene). Marianne Linkjendal var ikkje til stades da blidet vart teke.
Vi er klare! Fra venstre Elisabeth Alnes, Monica Wang, Nina C. Gundersen, Torbjørn Oppedal og Inger Kristin Nyholt.

Thomas Buikema Fjærtoft hjalp oss med profesjonell filming og Eidsvoll bibliotek var vertskap for innspelingsdagen.

Tilbakemeldingar som at dette er lærerikt å vera med på, at vi byggjer nettverk og utfordrar oss sjølv i trygge rammer, og ikkje minst lærer å tåle og å sjå oss sjølv på skjermen, er bra.

Det blir KF-stafett i 2025 også, og vi kjem tilbake med meir informasjon om deltaking.

Nå oppfordrar vi til deling og bruk av filmane frå heile landet, for eksempel med lesetips kvar veke i kanalar på SoMe. Spør om dykk lurar på noko i tilknyting til dette.

Kontakt
Olga Skrinde
spesialbibliotekar, Fylkesbiblioteket