Biblioteksjefen i Nesbyen sender meg ein reportasje frå Hallingdølen om Birk, som ikkje vil levere tilbake tøyveska for han har blitt så knytt til bøkene. Frogn mailer eit fotografi frå ein barnehage der alle tøyveskene er utlånt, det er heilt ribba. Skiptvet bibliotek fortel at den første tøyveska vart lånt ut etter ein halvtime, snart var alle utlånt. Ringerike deler at det tok litt tid å knekka koden i forhold til barnehagane, men når dei først knakk koden så vil «alle» ha tøyvesker.
Det tikkar inn med tilbakemeldingar om Tøyveskebiblioteket. Også frå foreldre:
«Hei,
Ville bare sende noen positive ord om Tøyveskebiblioteket. Det er altså et så bra tiltak, både fordi det er lavterskel og lett å få til (det krever litt mer å sette av tid, og dra til biblioteket for å låne bøker, selv om vi gjør det og), men også fordi det er stor stas og nysgjerrighet fra barna over innholdet i de ulike posene – som er med på å opprettholde lesegleden. Vi har satt veldig stor pris på tilbudet!»
Les reportasje frå Hundremeterskogen ideelle og biologiske barnehage her: La oss snakka om Tøyveskebiblioteket – Bibliotekutvikling og kom i gong med Tøveskebiblioteket på ditt bibliotek!
Om Tøyveskebiblioteket

Tøyveskebiblioteket Les med meg! er eit samarbeid mellom barnehage og bibliotek, som gjer bøker lett tilgjengelege for barnefamiliar i kvardagen. Målet er å stimulere til meir høgtlesing heime. Nordland fylkesbibliotek og fylkesbiblioteket i Trøndelag står bak tiltaket, som frå hausten 2023 vart eit nasjonalt formidlingstiltak med støtte frå Norsk Kulturråd.
Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold koordinerer tiltaket for bibliotek i vår region og per no deltek 32 kommunar aktivt. Me har sendt ut over 2100 tøyvesker, og me sender gjerne ut fleire. Bestill tøyvesker gjennom vår nettside: Tøyveskebiblioteket | Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold
Fordelar med Tøyveskebiblioteket:
- Perfekt for foreldre med en hektisk kvardag som ikkje alltid rekk å besøka biblioteket.
- Bøkene heng klare i barnehagegarderoben, og utlånssystemet er lett å administrera.
- Styrkar samarbeidet mellom bibliotek og barnehage i arbeidet med høgtlesing.
- Ein glimrande moglegheit til å marknadsføre det lokale bibliotektilbodet.
Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket
