I byrjinga av september var fem av fylkesbibliotekets tilsette med på «Nordic Libraries together» konferanse i Helsinki. Me reiste frå Oslo i regn, men kom fram til Helsinki i sol. Me tok ein samtale rundt bordet for å finne nokre av høgdepunkta.

Kva var det viktigaste du tok med deg frå Helsinki?
«Cookie truck» i Litauen
– For meg var det Litauen sitt fokus på kjeldekritikk og kjeldetillit og måten dei jobba med det på, fortel Hilde Grefsrud. – Litauen scorar lågast på media index literacy, så her har regionbiblioteka, som tilsvarar våre fylkesbibliotek, teke tak i noko som er svært relevant. Eg la særleg merke til «Cookie truck» med bibliotekarar som reiser rundt med digitaliseringskunnskap over heile landet. Vogna er knall gul og svært synleg. Her kan du spørje om hjelp, ta ein quiz og uansett resultat får du ein cookie eller kjeks med deg, seier Hilde.
I same båt, med litt ulike løysingar
– Fyrst og fremst kjensla av at me alle er i same båt, med dei same utfordringane knytt til lesingas status, folk si konsentrasjonsevne, leseferdigheitar og leselyst, held Vanja Øyrås fram. – Det var også overraskande å sjå dei ulikskapane som eg oppdaga då eg snakka med kollegaer frå Sverige. Dei snakka om å fordela om ressursar frå breie lesetiltak som Sommerles og klassebesøk, til å konsentrere seg om dei svakaste lesarane, seier ho.
The Book Club for folk som ikkje har lese boka


– «The Book Club» var eit høgdepunkt. Ein bokklubb for folk som vil møte andre og snakka om universelle tema som kjærleik og venskap, seier Camilla Sørbye.
– Bokklubben vart leia av Kriticos Mwansa, som har utvikla ein metode for temabaserte samtalar basert på litteratur. Eg var så heldig å få vere med på ein slik bokklubb då me skulle ha verkstader. Kriticos hadde henta ut sitat om vennskap og kjærleik frå ulike bøker og trykka sitata på kort som vart delt ut. Så las me høgt frå korta og snakka om det som stod der. Eg vart overraska over kor mange som delte personlege erfaringar, og kor fine samtaler som kom ut av det. På ein måte minna det litt om Shared Reading, reflekterer Camilla, som har tru på at også dette kan vere èin veg inn i litteraturen.
God programerklæring

– Eg vart imponert over programerklæring for biblioteka i Helsinki og retninga fram mot 2033, seier Cathrine Undhjem. – Eg merka meg desse nøkkelorda. Fram mot 2033 skal biblioteka i byen: 1) Bygga ein kultur der lesing er viktig for alle, 2) Forsvara demokratiet, ytringsfridomen og eit berekraftig samfunn og 3) Utvikla seg med ein by i endring og bidra til byens utvikling.
Konsentrert lesing
– Eg la også merke til Joanna Pacula ved Bergen bibliotek som presenterte bibliotekets satsing med «deep reading». Eit tilbod der dei bibliotektilsette skapar eit rom der dei som kjem kan ha ei firetimars konsentrert leseøkt. At det har blitt eit så populært tiltak blant bibliotekets brukarar seier kanskje noko om samfunnet vårt?, undrar Cathrine.
Verdisynet



– Eg vart særleg gripen av verdisynet til dei tilsette på Oodi, bybiblioteket i Helsinki, seier Oddmund Kårevik, og held fram, – det låg så langt framme at biblioteket skal vere for alle. Verdisynet er forankra og lett å få auge på. Til dømes finst det bakpå bibliotekets brosjyre med fire nøkkelord: likskap, respekt, ansvar/comfort og tryggleik. Personalet som viste oss rundt var stolte av biblioteket og fortalte med den største sjølvfølge: «Me har opent kvar dag!» «Me har ope på julaftan.» – Eg opplevde at dei skjønte at prosjektet eller ideen Oodi på eit vis er større enn dei sjølv. Det var inspirerande, seier Oddmund.
The back-row students
– Lea Lakka hadde eit foredrag siste dagen der ho hadde forska på «the back-row students». Ho sa at gjennom forskinga si hadde ho funne at i Finland er det ei slags ideologisk oppfatning at ein som les er «liberal og har utdanning» og at fleire folk automatisk konkluderer med at dei difor aldri har tenkt å lese ei bok. Det var ei litt skummel haldning syns eg, seier Cathrine.
– Dette var eit av foredraga som skapte eit stort engasjement i salen med mange kommentarar. Det var interessant å sjå at då ho følgde desse «backrow-students» til biblioteket, så fekk dei mykje meir utbytte av å treffa ein bibliotekar som overvurderte nivået deira, enn ein anna bibliotekar som undervurderte dei, legg Oddmund til.
– Det viktigaste på ein konferanse som dette er alle folka du møter. Og me fekk også med oss nokre fine bibliotekbesøk, avsluttar Cathrine.


