Heile laget, heile tida 

Intervju med Helene Heger Voldner, påtroppande leiar i Norsk bibliotekforening. 
Av Oddmund Kårevik. 

– Alt heng saman med alt, alltid, seier Helene Heger Voldner. – Og lesing er grunnleggande. 

Kva er motivasjonen din som nyvalt leiar for Norsk bibliotekforening?  

– Motivasjonen for jobben handlar om å løfta bibliotek i den norske offentlegheita. Eg skal forklara for dei utanfrå kva bibliotek er. Det ligg ei læring i å prøve å formidla noko, og så høyra kva mottakar har oppfatta. Denne bevegelsen motiverer meg. Det blir på ein måte ein omsetjarjobb. 

Kvifor sa du ja til dette tillitsvervet? 

– Eg ynskjer å gjera verda til ein litt betre stad å vere. Kjerneoppgåvene til biblioteka er å spreia kunnskap, demokrati og sørga for gode møteplassar. Kunnskapsdeling og møte mellom menneske er noko av det viktigaste me har. Som leiar av Norsk bibliotekforening har eg funne ein stad kor eg kan bidra, seier Helene Hegner Voldner.  

Kan du forklara for ein som kjem utanfrå kva Norsk bibliotekforening er? 

– Norsk bibliotekforening er ein politisk interesseorganisasjon med medlemmer, både personlege og institusjonar. Me arbeider politisk med å betra rammevilkåra for bibliotek og å løfta perspektivet til biblioteka i debatten. Det einaste ein treng for å vere medlem er å vere oppteken av bibliotek, eller heia på bibliotek.  

Kva gler du deg mest til? 

– Personleg gler eg meg aller mest til læra om bibliotek og læra av alle dei flinke og kloke og engasjerte folka som jobbar i biblioteka over heile landet. Det er dei som kan hjelpa meg til å gjera ein best mogeleg jobb. 

Lange linjer 

Ei utfordring for oss som jobbar i bibliotek kan vere at me arbeider med så lange linjer at resultata blir usynlege for oss? 

– Eg trur dette er eit av premissa for kvifor biblioteka er så viktige. Me skapar gagns menneske. Menneske som kan lesa, læra og lokalsamfunn der folk kan snakka saman. 

Blir det bibliotekas jobb å forklara dette for politikarane? 

– Eg stolar på at politikarane har ein plan for tenestene dei tilbyr. Men eg vil understreka at det er vår jobb, i bibliotekfeltet, og gjere politikarane våre gode. Og forklara for dei kva me gjer og kva effekt arbeidet vårt kan skapa. 

Når blei du hekta på bibliotek? 

– Eg kom til biblioteket då eg fekk jobb ved Furuset bibliotek og aktivitetshus. Tidlegare hadde eg jobba i andre delar av litteraturbransjen. Gjennom bibliotekjobbinga kjendest det som alt gjekk opp i ein høgare einskap. Biblioteket er mest som eit «dop» og då er det vanskeleg å koma ut av det igjen, seier Helene med eit smil. 

Meir kunnskap 

Eg har jobba med denne serien ei stund no, men etter å ha høyrt ulike politikarar uttala seg har eg blitt litt desillusjonert og eg lurer på om leselyststrategien allereie er «casha ut». Kva tenkjer du? 

– Eg er ikkje desillusjonert. Men eg har ikkje store forhåpningar. Det har ikkje vore nokon grunn til å forventa stort etter signala som har kome frå regjeringa. Det har vore gradvise tilbakeslag og realitetsorienteringar. Det eg trur me får er eit lite notidsbilde av situasjonen med satsing på ei bestemt målgruppe, og at det blir fylgt opp av prosjektmiddel. 

Kva håpar du på? 

– Det finst kunnskapshol som må avdekkast og eg håpar at leselyststrategien brer grunnen for ein NOU om lesing, litteratur og bibliotek. Det litterære kretsløpet heng tett saman, men foreløpig synes det som om politiske vedtak blir tatt utan omsyn til dei ringverknadane det får. Leselyststrategien har kunnskapsdepartementet og kulturdepartementet som avsendar, og det er fint. Men lesing handlar om demokrati og danning, det handlar om læring, det handlar om å inkludera alle digitalt og å forhindra utanforskap, det handlar om integrering og det handlar om folkehelse. Lesing treff veldig bredt, og me treng å sjå dette feltet i samanheng. 

Har du konkrete dømer på kva ein NOU bør svara på? 

– Ja, til dømes må me sjå på korleis innkjøpsordningane fungerer? Kva konsekvensar har den svake tilgangen til digitale media i biblioteka? Og kva talmateriale og kunnskapsgrunnlag har me om lesing og lesekompetanse, ikkje berre hos barn, men i heile befolkinga? 

Kva tal treng me? 

– Av tal og kunnskap tenkjer eg for bibliotekas del at me treng ein gjennomgang av ressursbruk. Me treng ein gjennomgang av organisering og ansvarsområde når det gjeld fjernlån og transport. Og me treng betre statistikk, særleg for skolebibliotek på vidaregåande skolar, der me ikkje har noko no.  

Statens rolle 

Kva er rådet ditt til dei som jobbar med strategien? 

– Det viktigaste for meg å seia er at me må ha med heile laget, heile tida. Barn og unge er kjempeviktig, men dei blir vaksne. Og vaksne sluttar å lesa. Eldre sluttar å lesa. Vaksne som kjem til Norge frå andre land sluttar å lesa, eller les dårleg. Me må jobba med lesing kontinuerleg og gjennom heile livsløpet. Eg vil seie til dei som lagar strategien, at det held ikkje å laga ein plan for ei avgrensa målgruppe. Viss ein meiner alvor med ein leselyststrategi, så må ein sjå på lesing i eit livsperspektiv. Og bibliotek er ein fellesnemnar for folk, gjennom alle dei ulike typane bibliotek som treff oss på ulike tidspunkt gjennom livet. 

Løyser pengar alt? 

– Slik situasjonen er no, så hadde pengar vore ei god hjelp, fordi den er så akutt. Og bibliotektilbodet varierer ekstremt og blir tilfeldig i forhold til kvar ein bur. Ein ting eg gjerne ville hatt meir oppe til debatt, er statens rolle. 

Kva tenkjer du på då? 

– I bibliotekloven paragraf 9 står det at «Statlige oppgaver omfatter bibliotekformål som ikke naturlig hører inn under den enkelte kommunes ansvarsområde, eller som er av særlig betydning for opprettholdelse av et nasjonalt biblioteksystem.» Staten er heilt fråverande i kommunane slik det er no. Viss me snakkar om ei lesekrise og det er ei politisk vilje til å gjera noko, så meiner eg det er her regjeringa eller staten sviktar. Dei gøymer seg bak ord som «lokal sjølvråderett.» No er det rettnok på gong eit arbeid med «nasjonal digital infrastruktur», og eg er spent på å sjå kva det fører til. Dette avheng av at staten tek sin del. Det er dei som har økonomisk handlerom og verkemiddel, dei kan ikkje belaga seg på kommunane. Regjeringa burde også nytta moglegheita til å lovfesta skolebibliotek i arbeidet med ny opplæringslov. 

Tillit og ansvar 

Du snakkar om bibliotekets magiske kraft, kvar finn du den? 

– Noko av bibliotekets magiske kraft ligg i det trygge og gjenkjennelege. Eit bibliotek i Noreg kan vera heilt ulikt eit bibliotek i Sør-Afrika, men premissa er dei same. Eg trur dette er ein av grunnane til at biblioteka scorar så høgt i befolkningsundersøkinga. Biblioteka er den tenesta, nest etter brannvesenet, folk har mest tillit til. Det er ganske svimlande viss ein tek det innover seg. For i denne tilliten ligg det også eit enormt ansvar. Folk kjem til oss med heile livet sitt og stolar på at dei kan gjera det. Dei forventar at dei kan gjera det. Her ligg noko me må ta innover oss og også noko me skal ta vare på, avsluttar Helene Heger Voldner.  

Mens me ventar på leseleyststrategien

“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Har du forslag til folk som burde bli intervjua ta kontakt med: oddmundk@bfk.no Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”. 

Lenke til intervjuserien

Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket