Det er desember og ein av dei dagane der NRK skriv om glatte vegar. Like før arrangementet «Fortell meg om ditt liv» skal starta, skin sola gjennom vindauge. Ein forventningsfull ordførar Syver Leivestad og bibliotekar Siri Berrefjord står klare for å ta i mot unge og eldre.

Vanskeleg å hugsa på dei morosame historiene


På den fremste rekka finn eg Bjørg Opdal med eit nydeleg hår og spør kor gamal ho er? Ho svarer 91 år. Me er einige om at det er ein bra alder.
– Kva har vore det mest morosame med prosjektet «Fortell meg om ditt liv»?
– Det har vore og treffa dei unge, svarar Bjørg kontant.
– Og kva syns du var det vanskelegaste?
– Det vanskelegaste var å koma på dei morosame historiene. Eg måtte faktisk ringa ei venninne og spørja om ho hugsa noko morosamt. Då byrja ho og le og sa: «me hadde det jo moro heile tida.»
– Eg er spent på å sjå boka, seier Bjørg, – Og eg gler meg til å visa den til dotter mi.
Ekte menneske
Biblioteksjef Hanne Egedius Stuve ønsker alle velkommen og seier: – Så mange menneske har det aldri vore på biblioteket før!
Me føler me er med på noko stort.
Siri Berrefjord er dagens konferansier og gir ordet vidare til Tiril Todal frå frivilligsentralen, som har vore primus motor bak prosjektet og sørga for å få mange ulike aktører inn.
– Biblioteket rommar tusenvis av historier, seier Siri når ho får ordet tilbake.
– Nokre av dei kan endre ting, slik som karakteren Nora i Et dukkehjem, men ho er ein fiktiv person. Denne dagen er det historier til ekte menneske som står på programmet.
Resultatet har blitt til 13 bøker med humor og alvor. Siri les eit par kortare utdrag. Ho seier ho har valt bort dei utdraga som er sterkast, for ho blir så lett rørt, difor blir det noko meir humoristisk for anledninga. Eit lydhøyrt publikum følger med og humrar.
Etter jul er det planlagt å laga ein antologi med utdrag frå bøkene, denne skal kunne lånast på biblioteket. Men foreløpig er det dei eldre sjølve som eig si bok og historie, kvar bok er kun trykt i eit eksemplar.
Fine treff mellom generasjonar


Prosjektet er unikt på fleire måtar, for det er ungdommar frå førsteklasse på Tyrifjord vidaregåande skole som har intervjua dei eldre og ført forteljinga om livet deira i pennen. Eg møter studiespesialiseringselevane, Marielle Elofsson og Marit Nordaas.
– Korleis har det vore å vere med på dette prosjektet?
– Eg syns det har vore veldig koseleg, seier Marit og Marielle er einig.
I tillegg til dei som har skrive, har elevar frå 8. trinn på ungdomsskolen, som tek faget «Innsats for andre» bidrege, med bakst til samlingane. Eg møter William Hevrøy og Reodor Narud som har vore med.

– Dette faget er ganske kjekt, forklarer William. – Me går ned og baker og koser oss ein og ein halv time, kvar onsdag, seier han.
Teodor Felipe Barbu Boteanu sit i amfiet for seg sjølv og les i boka om intervjuobjektet han har samarbeida med.
– Han var der ikkje i dag?
– Nei, ikkje i dag.


Så treff eg ein av lærarane som har vore engasjert, Kine Nyhus. Eg spør henne korleis det har vore å ha elevar med på prosjektet?
– Dette har vore veldig hyggeleg å delta på. Det har vore litt utfordrande med transport til biblioteket, men utanom det har det vore heilt topp, seier læraren.
Stolt dotter


Til slutt treff eg Willy Bentzen som har med seg dotter si. Han er tydeleg stolt av eiga bok, men eg ser at dottera er minst like stolt.
– Ja, denne boka blir fin å visa til borna mine, og når dei får born blir det fint å visa til dei, seier Sølvi Jæger Bentzen.
Og slik kunne eg halde fram å fortelja frå eit rom fylt av historier, fylt av menneskemøte på tvers av generasjonar, på biblioteket i Hole. Eit rom fylt av magi.


