Byggesteinar 

Aleksander Kristung og Beate Ranheim.
Aleksander Kristung og Beate Ranheim. Foto: Oddmund Kårevik

Lier bibliotek arbeider med fleire parallelle prosjekt dette året. Biblioteket er med på «Bok ut, bok inn»  saman med 26 andre bibliotek i Akershus, Buskerud og Østfold. Men dei arbeider også med Res Bibliotheca, som er eit utviklingsprosjekt med støtte frå Nasjonalbiblioteket. Nyleg avslutta dei ein 10 dagar Workshop med Susana Silvestre i Design thinking. Beate Ranheim deltok frå Fylkesbiblioteket

Kva var det viktigaste de lærte? 

– Ei innsikt ein medarbeidar tok med seg var, at alt saman er byggesteinar, og fyrst på slutten av prosessen ser ein korleis det heile heng saman, seier avdelingsleiar ved Lier bibliotek Aleksander Kristung.  

– Men, skyt, Beate Ranheim inn, arbeidet er jo ikkje ferdig. 

–Nei, og dette var kanskje noko av det viktigaste me lærte. Brukarmedverknad krev aktiv oppfølging. Det krev at me skapar konkrete resultat basert på ideane som kom inn, legg Aleksander til. 

Innspel blir handling 

Eit av tiltaka var at de arrangerte ein World café, kva er det? 

– World café er ein måte å få menneske med ulik bakgrunn å setja seg ned og snakka om tema som angår dei. Innsiktene som kjem fram blir noterte på bordet eller på Post-it lappar, og blir visualiserte ved at dedikerte medarbeidarar får ansvaret for å teikna ideane fortløpande, forklarer Aleksander.  

Kven var det som deltok her? 

–Ei rekke lokale nøkkelpersonar. Me hadde invitert ordføraren, som sendte sin vara. Eldrerådet, rådet for funksjonsnedsettingar. Og ein del folk frå planavdelinga i kommunen.  

–Også prest, frivilligsentralen og mange fleire, skyt Beate inn. – Eg trur det som er avgjerande med denne måten å møtast på er at mange som driv med liknande ting blir klar over kvarandre. Ei tilbakemelding me fekk er at alle etterlyser ein møtestad til å bli kjent i lokalsamfunnet. Og alle vil ha mat. Så kanskje biblioteka bør merke seg dette?  

Kva er neste steg i prosjektet? 

–Neste steg er fleirdelt. Den eine delen er aktiv oppfølging av dei som deltok på World café. Heilt konkret skal me sende ein e-post til dei med eit konkret tiltak, som dei tilsette ved biblioteka i Lier skal starta opp med no rett etter innspela me fekk. Deretter vil me sjå på ulike innspel som me kan utvikla vidare saman med innbyggarane, reflekterer Aleksander. 

Skal nå ikkje-brukaren med renovert campingvogn

Ein viktig «aktør» er vogna, korleis skal de jobba med den? 

–Den kan hjelpa oss med å koma i dialog med innbyggarane. Biblioteket skal bli meir synleg! Heilt konkret skal me bruka den i ei brukarundersøking i nær framtid, seier Aleksander. Og legg til – Me kjem også til å nytta vogna til aktiv formidling i “Bok ut, bok inn»-prosjektet. 

–Lier kommune er langstrakt, seier Beate. – Med vogna vil dei nå folk som bur rundt om i dei ulike grendene. 

–Noko av tanken med nasjonal bibliotekstrategi er å nå ikkje-brukaren, seier Aleksander.  – No har me fyrst fått god hjelp av Beate og dei andre i bibliotekgeriljaen til Fylkesbiblioteket med ein innvendig stripping av vogna, og inventaret er seld på FINN. Etter påske har me hyra inn ein kunstnar til å gjera utvending transformasjon slik at vogna blir godt synleg og på den måten hjelper oss å nå nye bibliotekbrukarar.  

Korleis er det å arbeida med utviklingsarbeid? 

– Veldig interessant. Eg syns også det er viktig. Fordi me snakkar til dømes om biblioteket som «demokratihus», men kva legg me i det? Gjennom eit slikt utviklingsarbeid som me arbeider med no, så vert det konkrete forslag og ikkje festtalar. Det er meiningsfullt. Særleg sidan verda og samfunnet har store utfordringar, både lokalt og globalt. Biblioteket er eit etablert nettverk og bør spele ei aktiv rolle her. Eg ønsker meg eit bibliotek i utvikling, eit bibliotek som ynskjer å gjera meir. Utviklingsarbeidet har dessutan vore svært bra for samkjensla blant oss bibliotektilsette i Lier, avsluttar Aleksander Kristung. 

Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket