Informasjonsmøte om Fritt ords tilskuddsordning til litteraturformidling i folkebibliotek

Dato

Tid

Sted

Digitalt

Fritt Ord og Møre og Romsdal fylkeskommune inviterer til eit kort digitalt informasjonsmøte om bibliotekutlysinga for 2026–2027.

Når: ti. 09.06.2026 kl. 11:00 – 11:30
Hvor: Microsoft Teams-møte

I møtet får de ei kort og konkret orientering om kva utlysinga opnar for, og kva som skal til for å søke. Det blir også mogleg å stille spørsmål undervegs.

Her har de ein god sjanse til å få midlar til formidlingsarbeid og skape spennande aktivitetar i biblioteket. Med relativt enkle grep kan ein skape arrangement og prosjekt som når ut breitt og vekker interesse for lesing og litteratur i befolkninga.

Agenda:

  • Velkomen og kort introduksjon ved Lisa Alvestad, rådgivar i regional bibliotekutvikling, Møre og Romsdal fylkeskommune
  • Presentasjon av utlysinga ved Joakim Lie, Fritt Ord
  • Spørsmål og svar

Fritt Ord lyser ut tilskot på 60 000 kroner til lese- og formidlingsprosjekt i norske folkebibliotek. Utlysinga er tematisk open, og de står fritt til å utvikle prosjekt som til dømes leseprosjekt, samtalar, debattar eller arrangement for ungdom og vaksne.

Søknadsfrist: 26. juni 2026 kl. 15

Dette er ei ordning det er verdt å få med seg, både for små og store bibliotek. Vi håper mange vil gripe denne sjansen og søke om prosjektmidlar.