Kulturfondstafetten er eit samarbeid mellom fylkesbiblioteka der tilsette frå folkebibliotek i heile landet formidlar nye norske kulturfondbøker gjennom korte filmar. Akershus, Buskerud og Østfold hadde siste etappe i 2024, og filmane er nå klare til å formidlast vidare. Dette er tredje runde med KF-stafett, og denne gongen er målgruppa utvida til bibliotekbrukarar i tillegg til bibliotektilsette.
Filmane er publisert på YouTube-kanalen Leseforslag fra bibliotekene, og derfrå kan dykk dele lenke til filmane der dykk vil.
Filmane er også lasta opp i Mediebanken til Bibliotek 24: Bibliotek24 | Kulturfondstafetten, og derfrå kan dykk laste ned dei filmene dykk ynskjer, og dele direkte. Filmane er klypt i både ståande og liggjande format, slik at dykk kan velge det som passar best.
Alle filmane vil også bli tilgjengelege som søketreff i BS sitt biblioteksystem LibryContent.
Vi takkar dei som har deltatt i KF-stafetten frå oss denne runda: Frå Lillestrøm bibliotekene: Siri Ann Gabrielsen og Inger Kristin Nyholt, frå Eidsvoll bibliotek: Nina C. Gudnersen og Elisabeth Alnes, frå Nes bibliotek: Monica Wang, frå Hole bibliotek: Siri Berrefjord, frå Lørenskog bibliotek: Torbjørn Oppedal og frå Halden bibliotek: Marianne Linkjendal.


Thomas Buikema Fjærtoft hjalp oss med profesjonell filming og Eidsvoll bibliotek var vertskap for innspelingsdagen.
Tilbakemeldingar som at dette er lærerikt å vera med på, at vi byggjer nettverk og utfordrar oss sjølv i trygge rammer, og ikkje minst lærer å tåle og å sjå oss sjølv på skjermen, er bra.
Det blir KF-stafett i 2025 også, og vi kjem tilbake med meir informasjon om deltaking.
Nå oppfordrar vi til deling og bruk av filmane frå heile landet, for eksempel med lesetips kvar veke i kanalar på SoMe. Spør om dykk lurar på noko i tilknyting til dette.
Kontakt
Olga Skrinde
spesialbibliotekar, Fylkesbiblioteket
