Gå ikkje glipp av Bokgildet på Litteraturhuset i Oslo 11. februar 2025

Inspirerte formidlarar frå bibliotek i Akershus, Buskerud og Østfold vil fortelja om bøker frå 2024 som har kome gjennom innkjøpsordningane for vaksne. Det er 19 formidlarar som med si personlege stemme vil trekkja fram, og gje vidare kunnskap om eit utval titlar. Her blir det flest romanar, men noveller, dikt, faglitteratur og teikneserie er også med.

Bokgilde-gruppa frå Østfold. Frå venstre: Tonje Vangberg (Moss), Ingrid Rekdal (Fredrikstad), Karin Eline Riseng  (Indre Østfold), Lise Solberg Jensen (Rakkestad), Olga Skrinde (Fylkesbiblioteket), Linda Skaaret (Halden) og foran: Anne Mette Hansen (Moss). Bildet er tatt i Moss bibliotek. Foto: Oddmund Kårevik

Målet med arrangementet er å gje meir kunnskap om bøker som ofte går under radaren,og på den måten gjere det enklare for bibliotektilsette å ta fram desse titlane i ulike formidlingssituasjonar,  enten det er fysisk eller digitalt. Det er også eit mål å auke formidlingskompetansen hjå bibliotektilsette gjennom å etablere fellesskap der formidlarane får tilbakemelding og blir trygga i å stå på scena.

Forfattarsamtale med Kyrre Andreassen om boka «Ikke mennesker jeg kan regne med» blir rett etter lunsj.

Litteraturhuset i Oslo er ei god ramme for arrangemente. Å vera til stades der gjev i tillegg til sjølve formidlinga, del i stemninga og det sosiale fellesskapet i å møte kollegaer også frå andre bibliotek.

Arrangementet vil også bli strømma, og vil da vera tilgjengeleg for digitalt påmeldte i ei veke etter den 11. februar.

Påmeldingsfrista er 27. januar for fysisk deltaking og 4. februar for å delta digitalt. Prisen er henholdsvis kr 600 inkludert lunsj, og kr 300 for å sjå strømminga.

Lenke til informasjon og påmeldingsskjema

Velkommen!

Bokgildet 2025 mottek støtte frå Kulturrådet.

Forsidefoto: Pixabay