Glød 

Intervju med Nina Bigum Udnesseter, leiar av Skolebibliotekarforeningen 
Av Oddmund Kårevik 

Så var leselyststrategien her. Dette intervjuet med Nina Bigum Udnesseter vart gjort i februar. Og difor vart det naturleg å la Nina avslutte intervjuet med eit par betraktningar rundt strategien.  

Nina Bigum Udnesseter har ein fot i fleire leirar. Ho er leiar for den idealistiske Skolebibliotekarforeningen, ho er skolebibliotekkoordinator i Lillestrøm kommune, men først og fremst er ho skolebibliotekar på Brånås skole. Det ser du på henne, for ho elskar jobben sin. 

– Eg kunne nok ikkje hatt ein full kontorjobb. Å vera med elevane er ein veldig viktig del av meg, seier Nina Bigum Udnesseter.

Korleis skal me få ein god leselyststrategi, kva er råda dine? 

– Råda mine er å satsa på skolebibliotek! For der når me alle barn, uansett kor dei kjem frå. Skal me få snudd denne negative lesetrenden, må me starta med barna. Men då treng me midlar. Slik det er no, er skolebiblioteket veldig utset i svake kommuneøkonomiar.  

Nokre  barn har ingen bøker heime 

Har du gjort eit spesielt funn der du har sett kvifor skolebiblioteket er så viktig? 

– I 2013 hadde me eit prosjekt på Gjellerås skole gjennom «program for skolebibliotekutvikling.» Prosjektet var kalla «Rett bok, til rett barn». Me gjorde ei undersøking og fann ut at ikkje alle barn har bøker heime. 

Var det overraskande for deg? 

– Ja, eigentleg var det eit lite sjokk for meg. Eg hadde tenkt at alle har vel tilgang til ei eller anna bok heime. Men det fekk meg også til å tenkja, kva kan me gjera då? Og då såg eg at me kan tenkja offensivt og finna argument for kvifor skolebiblioteket er viktig å satsa på. For skolebiblioteket er ein gyllen arena til å hjelpa barna å finna bøker, seier Nina.  

– Parallelt med dette scora ein del skolar i det som var gamle Skedsmo kommune svakt på nasjonale prøver i lesing, held Nina fram. – Då foreslo me å nytta prosjektet me hadde ved Gjellerås skole også på desse skolane. Me kursa lærarar og skolebibliotekarar, og såg at desse tiltaka hadde positiv effekt. Det var bakgrunnen for stillinga mi som skolebibliotekkoordinator. Etter kvart fekk alle skolane i kommunen denne satsinga.  

Skolebiblioteket når alle elevane

Er det ein skolebibliotekansvarleg på alle skoler i nye Lillestrøm kommune? 

– I utgangspunktet skal alle skolar ha ein skolebibliotekar, men skolane prioriterer ulikt. Eg tenkjer det er viktig at dei som har den rolla er motiverte og brenn for jobben. Då er det ein fordel at dei har litt fagleg bakgrunn. Skolane kan ikkje berre setja ein tilfeldig person for å rydda i hyller, seier Nina og poengterer: – Det er ikkje sånn at eg tenkjer at me skal ha skolebibliotek fordi det er fint. Grunnen til at skolebibliotek er viktig, er fordi me ser at det har ein effekt. 

Kvifor har skolebiblioteket ein effekt? 

– Når ein jobbar pedagogisk med skolebibliotek, har ein moglegheit til å nå alle elevane. Då er det viktig at skolen har bøker og samlingar samt ein ansvarleg skolebibliotekar. På den måten blir skolebiblioteket eit rom der ein jobbar aktivt med lesing og sosial utjamning.  

Har du ein konkret episode der du ser effekten? 

– Eg ser effekten kvar dag. Eg kjenner meg privilegert som får lov til å jobba med dette. Når barna kjem hit på skolebiblioteket, då er det bibliotektime og me samlast. Først lar eg to eller tre barn fortelje om bøker dei har lese. Den munnlege formidlinga mellom elevar smittar alltid. Etterpå har eg ein bunke bøker som eg formidlar til klassen. Veldig ofte slår bøkene an og det blir rift om dei. Eg ser at formidlinga tenner ein gnist i augo til elavane. Det er så kjekt å sjå gløden og leseengasjementet. 

Å kikka opp på ei bildebok-kasse

Var bøker viktig for deg då du var liten? 

– Eit av dei første minna mine er at eg står i det gamle biblioteket som var i Concordia-bygget i Lillestrøm og kikkar opp på ei bildebok-kasse. Mor mi tok meg med til biblioteket frå eg kunne gå og biblioteket kjendest veldig stort. Seinare lånte eg masse bøker på skolebiblioteket mitt. Me hadde eit kjempefint skolebibliotek på Vigernes skole i Lillestrøm. Og eg gjekk heile vegen heim til Kjeller med tung sekk. Så ja, engasjementet mitt byrja nok allereie då. 

Kva skal til for at du skal bli happy med leselyststrategien? 

– Då er me nøydt til å ha ein nasjonal standard for skolebibliotek. Eg trur ikkje det er så vanskeleg, eigentleg, for det er noko me verkeleg treng. Det skal ikkje vera tilfeldig kva tilbod borna dine får i forhold til kva skole dei går på. Sånn skal det ikkje vera. Alle barn skal få same moglegheit til å bli gode lesarar. Den der sitt så hardt hos meg, for det er så viktig. 

Etter at leselyststrategien vart lansert onsdag 29.mai stilte me eit par oppfølgingsspørsmål til Nina om hennar tankar.  

Stein på stein

Kva er det mest positive med leselyststrategien? 

– Det mest positive er at eg opplever at me har blitt lytta til. Eg er glad at det står mykje om skolebibliotekets rolle i arbeidet med lesing. Eg opplever at dette er eit steg i rett retning. Her må det byggast stein på stein. Og no har me lagt tilt eit par nye steinar.  

Er det noko du er skuffa over? 

– Det er bra at prosjektstøtta til skolebibliotek gjennom Utdanningsdirektoratet blir utvida. Men eg vil minna på at det med prosjekt kan vera veldig kortvarig. Ein treng støtte til å halda fram og få kontinuitet. Eg er skuffa over at strategien ikkje nemner Universitetet i Agder som er den viktigaste utdanningsinstitusjonen som utdannar nye skolebibliotekarar. Eg ville gjerne sett at dei fekk meir midlar. 

Kva håpar du framtida bringer? 

– Eg ønsker meg øyremerka midlar til ein nasjonal standard for skolebibliotek og svenske tilstandar med ei real satsing på skolebibliotek. Me må kome dit at alle barn i Norge skal få lik moglegheit til å bli gode lesarar uavhengig av sosioøkonomisk bakgrunn, avsluttar Nina Bigum Udnesseter. 

Mens me ventar på leseleyststrategien

“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”. 

Lenke til intervjuserien

Kontakt
Oddmund Kårevik
rådgiver, Fylkesbiblioteket