Å gjera ein forskjell 

Intervju med Monica Helvig, leiar i Leser søker bok. 
Av Oddmund Kårevik, Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold 

Monica Helvig
Monica Helvig. Foto Oddmund Kårevik

— I Norge snakkar ein ofte om litteratur og kultur og seier det er for alle, uavhengig av kor du bur og slike ting. Dette er flosklar. Me veit at det ikkje er for alle. Det er nettopp det me i Leser søker bok jobbar for, å opna litteraturen opp for fleire, seier Monica Helvig. 

Leser søker bok arbeidar for eit kulturelt demokrati, kva meiner de med det

— Me arbeidar for å opna litteraturen for lesarar som har litt vanskelegare for å tileigne seg tekst. Det kan det vere samansette grunnar til, seier Monica Helvig. 

— Alle kan slita med lesing og behøva tilrettelagt litteratur i ein fase i livet, poengterer ho. 

— Det kan vere dysleksi, fysiske eller psykiske funksjonsnedsettingar, personar som slit med konsentrasjon eller fatigue, eller personar som i ein fase er nye i Norge og treng enklare litteratur. I dag ser me også at mange barn- og unge slit med konsentrasjonen og lesing mellom anna grunna manglande lesetrening. 

Korleis jobbar de får å gi dei desse bøkene? 

— Fyrst og fremst med å utvikla bøker sjølv. Då jobbar me tett med forfattarane og forlag. Men også ved å tråle marknaden kvart år og finna fram litteratur som kan passa for målgruppene. Desse titlane legg me inn i bokbasen vår boksok.no som er eit godt og nyttig søkeverktøy for bibliotekarar, lærarar og lesarane sjølv, seier Monica Helvig.  

— Kvart år gir me også ut 100-lista, held ho fram. — Her framhevar me titlar frå dei siste åra som passar særleg godt for våre grupper. Me jobbar også mykje med kompetanseheving for bibliotekarar og lærarar og med formidling av inkluderande leselysttiltak. 

Kort veg frå idé til gjennomføring 

Kva er ei typisk “leser-søker bok”- bok? 

— Det er ei universell bok. Ei universell bok er ei bok som andre bøker, men den har nokre eigenskapar som gjer at den passar for mange fleire lesarar enn det andre bøker gjer. 

Kan du utdjupe litt kva du legg i universell? 

— Ei universell bok kan lesast av alle. Det vil seie at i ein klasse som skal lese ei bok så kan alle få same boka. Det er ikkje slik, at ein elev med dysleksi eller ein elev som slit med lesing av andre årsaker må få ei spesialbok, og så les dei andre ei anna bok. Her kan alle lesa same boka og vera med på dei same leseprosjekta. Her meiner eg Leser søker bok bidreg til eit reelt kulturelt demokrati. 

Kva er drivkrafta di? 

— Gjennom 18 år i litteraturbransjen har eg nok fått eit blikk for det universelle. Eg ønsker å opna litteraturen opp for fleire. Kvar dag på jobb så tenkjer eg at arbeidet vårt i Leser søker bok gjer ein forskjell for enkeltmenneska som har nytte av det me gjer, men også for demokratiet som heilheit. 

Er det det som får deg opp på morgonen? 

— Det er eit morosamt spørsmål, seier Monica Helvig og forklarer: — Eg elskar jobben min. Og eg gler meg til å gå på jobb kvar dag. Men eg er eit B-menneske og difor kan det vere litt tungt å stå opp. Heldigvis har eg ein sambuar som lagar kaffi til meg. Men for å svare litt ordentleg; noko av det som driv meg er akkurat det at me er ein liten og dedikert gjeng. Me kan snakka om noko på morgonmøte og så kan me gå vidare med det seinare på dagen. Det er kort veg frå idé til gjennomføring. Det syns eg er kjempespanande.  

Inkluderande perspektiv 

Kva er ditt råd til kunnskapsministeren i utarbeidinga av leselyststrategien? 

— Eg meiner me ikkje kan snakka om ei lesekrise om me ikkje også snakkar om ei konsentrasjonskrise. For det har me. Konsentrasjonen har blitt mykje dårlegare, den må trenast opp. Ta langlesing og djubdelesing tilbake til skolen!  

Løyser pengar alt? 

— Nei, det vil eg ikkje sei at det gjer. Det er viktig å jobba bevisst og strategisk, og satsa på det som fungerer. Men me treng friske midlar i ein leselyststrategi, for å gje gode skolebibliotek til alle elevar.  Så lenge me ikkje har skolebibliotek med relevante samlingar og kvalifiserte skolebibliotekarar, så skjønar eg ikkje korleis politikarane tenkjer me kan få barn og unge til å bli glade i å lesa.  

Hvis eg skal bli happy med leselyststrategien så… 

— Då må den vere langsiktig og forpliktande. Det er nøydt til å skje noko med skolebiblioteka. Strategien må ha eit mangfaldsperspektiv og eit inkluderande perspektiv til alle typar lesarar og menneske, avsluttar Monica Helvig. 

“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Har du forslag til folk som burde bli intervjua ta kontakt med: oddmundk@bfk.no Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”. 

Lenke til intervjuserien