Alle fortener å møte ei god forteljing

Skrevet av: Oddmund Kårevik, Fylkesbiblioteket i Akershus, Buskerud og Østfold

Sjølv om Foreningen !les  samarbeider med ei rekke aktørar og når ut til svært mange skuleelvar med til dømes Bokslukerprisen, Uprisen og Ungdommens kritikerpris så peiker Vibeke Røgler på at det likevel ikkje er nok. 

Mange vil sei at de får gjort veldig mykje, kva er det de ikkje får gjort? 

– Det er hol i skoleløpet me ville ha tetta viss me hadde hatt pengar. 1-4.trinn har ikkje eit tilbod frå oss per no. Bokstart bør også bli eit varig nasjonalt tilbod men då trengst det friske midlar, seier Vibeke Røgler. 

Kvifor er bokstart så viktig? 

– Alle land som har bokstart, og dette har til dømes vore i Storbritannia sidan 1997, seier at av alle lesetiltak er dette det som utgjer den aller største forskjellen. Det er grundig forska på og all forsking viser det same. Barn som blir lesne høgt for frå spedbarnsalder får eit mykje større og betre ordforråd. Når dei lærer å lese sjølv, er leseforståelsen betre viss ein samanliknar med dei som ikkje har blitt lese høgt for. 

Tenk stort

Om du fekk makt og blei nær politisk rådgivar til kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun og kulturminister Lubna Jaffery i morgon, kva vil du sei til dei no i utforminga av leselyststrategien? 

– At me er nøydt til å satse på tiltak som me veit fungerer og at me må våge å tenkje stort nok. I Finland tenkjer dei alltid lesing 10 år fram i tid og det må me også gjere. Det hjelper ikkje med små drypp. Her må det satsast ordentleg. Faktisk er heller ikkje 10 år nok. Leselyst er noko ein må sjå på i eit langsiktig perspektiv, kanskje til og med i eit evighetsperspektiv. For det kjem stadig nye generasjonar og det vert stadig nye konkurrentar til merksemda og boka. Begge ministrane må merke seg det heilt grunnleggande som me veit fungerer: Det er å satse stort på skolebibliotek, på tidleg innsats som bokstart og leselysttiltak gjennom heile skoleløpet.  

Sjå til Sverige

Løyser pengar alt? 

– Ja, veldig mykje vil vere løyst då. Slik det er no er det enorme forskjellar – og tilbodet vil vere tilfeldig ut frå der barna bur og slik kan det ikkje vere. Det kan ikkje vere opp til enkelte eldsjeler som jobbar livet av seg for å gje eit godt tilbod. Regjeringa må tenkje stort nok og verkeleg satse. Sjå no til Sverige som slusar inn 1,8 milliardar til bemanna skolebibliotek. I tillegg satsar dei 179 millionar i 2024 og deretter ein halv milliard årleg til bøker og kompetanseutvikling.  Der borte seier dei at det ikkje er nok, men samanlikna med oss her i Norge så viser det enorme forskjellar i prioritering.

Ikkje gløym litteraturen! 

Kva med biblioteka? Er det noko me bør gjere meir av? Eller slutte med? 

– Først og fremst syns eg folkebiblioteka er fantastiske. Foreningen !les har for eksempel mange bibliotek som er fadrar for lesekioskar og me opplever dei som gode samarbeidspartnarar. Eg tenkjer at biblioteka ikkje må gløyme litteraturen! Det som er det viktigaste utgangspunktet og fundamentet til biblioteket. Eg har sans for at biblioteka utviklar seg og me ser kor viktig det er med møteplassar. Men kanskje biblioteket i enda større grad skal gripe moglegheita når folk kjem for å sjekke ut frøbiblioteket eller andre ting til å drive aktiv litteraturformidling? 

Tenk lesing i eit langsiktig perspektiv

Viss eg skal bli happy med leselyststrategien så… 

– Så må dei våge å tenkje stort nok! Dei må tenkje lesing i eit langsiktig perspektiv. Og verkeleg ta i når det gjeld midlar.  

Kva motiverer deg til å stå opp på morgonen og gå på jobb? 

– Eg er så sær at eg har jobba same stad i 21 år. Men eg meiner bestemt at eg har verdas viktigaste jobb. Her jobbar eg saman med sju dedikerte medarbeidarar som brenn for jobben dei gjer og me utfyller kvarandre. Me er ein liten og dynamisk organisasjon som når langt fordi me er gode på samarbeid og knytte til oss andre aktørar. Personleg opplever eg det veldig utviklande at dagane er så ulike, eg må stadig lære meg nye ting og løyse nye utfordringar. Å arbeide for lesing for barn og unge – ingenting er meir meiningsfullt enn det. Alle som har opplevd å bli dratt inn i boka og miste tid og stad og berre vil lese vidare, veit kor spesielt det er. Dette er noko alle fortener å oppleve, avsluttar Vibeke Røgler.  

“Mens me ventar på leseleyststrategien” er ein intervjuserie der ulike aktørar innan lesefeltet deler tankar og visjonar om kva som vil vere ein god leselyststrategi. Det finst mange kloke tankar og kunnskapsbasert erfaring og dette er ein måte å synleggjere det på til eit allment publikum. Har du forslag til folk som burde bli intervjua ta kontakt med: oddmundk@bfk.no Tittelen på intervjuserien er inspirert av Samuel Becketts klassikar frå 1953 “Mens vi venter på Godot”. 

Lenke til intervjuserien