Oddmund Kårevik er nytilsett ved fylkesbiblioteket

Oddmund Kårevik starta ved fylkesbiblioteket 1. oktober. Oddmund har vore biblioteksjef i Enebakk i 5 år og har tidlegare vore barnebibliotekar i 13 år. I tillegg har Oddmund mellom anna skrive for Bok og bibliotek, vore redaksjonsrådsmedlem i tidsskriftet Stemmer og vore leiar av Kulturrådets prosautval. Oddmund er utdanna bibliotekar frå Høgskolen i Oslo, har faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag frå Høgskolen i Telemark, forfattarutdanning i skrivekunst og litteraturformidling for barn og ungdom frå Norsk barnebokinstitutt og endå litt meir. Oddmund er 44 år og i desse dagar på flyttefot til Oslo.

For å bli betre kjent med Oddmund har me stilt han nokre spørsmål.

Kvifor ønskjer du å jobba ved fylkesbiblioteket?

Eg ønsker å utvide erfaringa mi og lære noko nytt. Samstundes trur eg at eg har noko å bidra med frå min erfaringsbakgrunn. Syns også det var veldig freistande og gøy å kome i eit stort fagleg fellesskap. Eg er veldig takksam for erfaringa eg har med meg frå eit mindre folkebibliotek. Der føler eg at eg har vore med på å bygga opp noko – i Enebakk var mottoet som avdelinga mi jobba ut i frå «Vi utgjør en forskjell». Eg ønsker å vere med å utgjere ein forskjell her på fylkesbiblioteket.

Kan du fortelja litt om den faglege bakgrunnen din?

Eg er utdanna lærar – først – i praktiske og estetiske fag. Så seinare bibliotekar ved det som den gongen heitte Høgskolen i Oslo – no OsloMet. Seinare har eg teke forfattarutdanninga ved Norsk barnebokinstitutt. I tillegg til å arbeide med skapande skriving var dette også eit grundig studie i litteratur og formidling som eg har hatt eit svært rikt utbytte av. Eg var fast skribent for Bok og bibliotek frå 2014- 2018, då skreiv eg om leseopplevingar. Det likte eg veldig godt. Og eg var aktiv i redaksjonsrådet og bidragsytar til Magasinet STEMMER frå åra 2013-2019. Siste åra har eg skrive mindre, men bidrege med små think-pieces i Menighetsbladet i Enebakk. Eg likar eigentleg veldig godt å skriva – eg håpar eg får brukt det i den nye jobben min. Eg har også lært mykje gjennom vervet mitt i prosautvalet og fått ein inngåande kjennskap til norsk samtidsprosa. Det har vore kjekt og inspirerande.

Kva moglegheiter ser du for å driva bibliotekutvikling i Viken og etter kvart dei nye fylka Akershus, Buskerud og Østfold?

Ja, eg får jo berre tre månadar i Viken, men er veldig glad for at fylkesbiblioteket skal halde fram med å samarbeide på tvers av grenser. Fylkesbiblioteket er viktig på mange måtar. Eg ser at det hjelper biblioteket der ute til å levere betre og meir profesjonelle tenester til befolkninga. Døme på dette er dei fine marknadsføringskampanjane som har synleggjort folkebiblioteka i Viken eller Bibliotek24 som er ei veldig god samleløysing for bibliotekas digitale tilbod. Fylkesbiblioteket bidreg med kompetanse og kurs og gjer oss til betre bibliotekarar. Dei siste åra har Lesersørvis vore viktig og no Lesersørvis for barn. Som nyutdanna og ung barnebibliotekar var faglege forum som SAMBA svært viktig. For me treng kvarandre og me treng å læra av førebilde. Eg håpar at eg kan vere med å bidra til å vere ein synleg pådrivar for arbeid med formidling innan arbeid for barn og unge. Eg har fordel av å ha vore på andre sida av bordet både som barnebibliotekar, først og sidan bibliotekledar. Eg håpar eg kan få bruke den erfaringa til å vere med å utforme relevante tilbod – samstundes lar eg meg begeistra av at Viken fylkesbibliotek tør å tenkje store og nye tankar. Det skjer mykje spennande på mange frontar. Som bibliotekledar opplevde eg somme tider at det nesten blei for mykje – i ein slik jobb var det så mykje som krevde meg, så eg måtte velje kva eg skulle fokusere på.

Er det noko du særleg gler deg til å gjera når du startar?

Eg gler meg til å bli kjent med folk. Eg veit kven mange er frå før, men gler meg til å bli kollega i eit stort fagfellesskap. Det er mange ting å setja seg inn i. Eg kunne sagt at eg gler meg til å få oversikt over jobben min – for det gjer eg – men innser at eg kjem til å bruke litt tid på det. Eg har sagt ja til to ting som eg gler meg litt ekstra til. Eg skal vere med i ein panelsamtale om å bygge en lesekultur på Bokstart-seminaret som Foreningen !les arrangerer 20. oktober. Og eg skal ha ei lita innleiing på et leseseminar som Norsk Bibliotekforening arrangerer på Tøyen biblioteket tysdag 21. november. Dette trur eg forresten blir veldig gøy for det er mange bra programpostar.

Foto: Tone Gautefald Tveit